Usikkert om vidare drift
OFFSHORE: Nordmand Jarstein, tidlegare Rem Pioner, er no ein del av Solstad-flåten.
Nytt

Usikkert om vidare drift

Styret i Solstad-eigde Rem Ship opplyser at det er vesentleg usikkerheit om grunnlaget for vidare drift.

03.08.2020
Ålesund-baserte Rem Ship er ein del av den tidlegare Rem-flåten i Fosnavåg, som i Solstad-systemet er lagt inn under selskapet Solship Invest 1.
I Rem Ship ligg det elleve fartøy, og i årsmeldinga for selskapet skriv styret at det er vesentleg usikkerheit om vidare drift.
Bakgrunnen er at eigenkapitalen er tapt og likviditeten er under sterkt press.

Ny avtale

Men Solstadkonsernet gjekk 8. mai inn ein ny restruktureringsavtale med kreditorane.
Under føresetnad av at avtalen vert implementert, meiner Rem Ship-styret at det er grunnlag for vidare drift av selskapet.
I Rem Ship ligg det seks PSV-ar, fire subseaskip og ein ankerhandlar.
Totalt segla flåten inn 493,8 millionar kroner i fjor, opp frå 437,3 millionar året før.
Subseaskipa stod for 278 millionar, medan dei seks PSV-ane segla inn totalt 116 millionar, og ankerhandlaren 60 millionar.
Seks av dei elleve skipa er på langsiktige kontraktar.

Betra resultat

Resultatet før skatt enda i fjor på minus 47,1 millionar kroner, ei kraftig forbetring frå minus 314,2 millionar i 2018.
I 2018 vart det gjennomført av- og nedskrivingar på heile 267 millionar kroner, medan det vart gjort avskrivingar på 79 millionar i fjor.
Styret skriv at ein har hatt gjort nedskrivingsanalyser, men ikkje funne grunnlag for å gjennomføre ytterlegare nedskrivingar i tillegg til dei som var gjorde i 2018.

Gjeld på 2,5 milliardar

Rem Ship betalte renter med 121 millionar kroner i 2019.
Selskapet har ei samla langsiktig gjeld på 2,5 milliardar kroner.
Ved årsskiftet var eigenkapitalen negativ med 210 millionar kroner, mot minus 163 millionar året før.

Publisert: 03.08.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00