Usikker paa fiskebaatmarknaden
OPPTUR: 2016 blei ein opptur for Vegsund Slip, der Nils Kristian Drønnen (biletet) leiar holdingselskapet og Kristian Drønnen driftselskapet.
Nytt

Usikker på fiskebåtmarknaden

Vegsund Slip auka både inntekter og lønsemda i fjor.

23.06.2017
Reparasjonsverftet ved Vegsundet i Sula hadde sitt beste år nokon sinne i 2014 med eit resultat før skatt som tilsvarar over ti prosent av driftsinntektene. Etter eit svakare 2015 var målet å kome opp på 2014-nivå igjen, sa leiarane Nils Kristian og Kristian Drønnen til NETT NO i fjor.

Det greidde dei eit godt stykke på veg. Driftinntektene auka til over 100 millionar kroner, og lønsemda steig til over åtte prosent av driftsinntektene. (Sjå tabell). I tillegg har verftet hatt godt med oppdrag så langt i år.

Usikker

Som reparasjonsverft for blant anna fiskebåtar, er selskapet usikker for verknaden av strukturering i fiskeflåten. Strukturering er ordet som blir brukt om samling av større kvotar på færre båtar.
Det vil føre til fleire nybygg og ein fiskeflåte som består at større, men færre båtar. Alt dette kan vere med på å redusere etterspørselen etter reparasjon- og vedlikehald av fiskebåtar og skjerpe ein konkurranse som allereie er hard i utgangspunktet, skriv selskapet i årsmeldinga for 2016.
Verftet investerte i 2014 i ny dokk, og ein god standard på anlegget er ein av grunnane til at verftet likevel er optimistisk på eigne vegne.

60 år

Verftet er 60 år gamalt og blir no leia av Kristian Drønnen, som tok over etter sin far Nils Kristian i fjor.
Selskapet er eigd 50/50 av Nils Kristian og Sindre-Roar Drønnen.

Publisert: 23.06.2017 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11