Usemje etter Vad utflytting
TØFFE TIDER: Møbelindustrien krympar i det som var møbelbygd nummer to på Sunnmøre. Vad Møbler slit med ettervirkningane etter utflytting av produksjonen ifjor.
Nytt

Usemje etter Vad-utflytting

Produksjon i Litauen skulle redde Vad Møbelfabrikk i Stordal. No er fabrikken usamd med sin nye samarbeidspartnar.

09.09.2014
Då Vad flagga ut all møbelproduksjon på heimebane for å kutte kostnadar, selde verksemda store deler av varelageret, maskiner og utstyr til sin nye samarbeidspartnar i Litauen.
Problemet er at partane ikkje er samde om betalinga. Vad har ubetalt krav mot verksemda i Litauen, som på si side meiner dei både har fått krav på ting som skulle vere gratis og er fakturert for høge beløp.

Revisorkritikk

Resultatet av tvisten er at Vad framleis ikkje har full oversikt over det økonomiske utfallet av 2013.
Det får selskapet også kritikk for frå revisor Vegard Lødøen:
"Selskapet har ikke hatt tilfredsstillende rutiner vedrørende registrering av varer og driftsmidler oversendt til utenlandsk samarbeidspartner som overtok møbelproduksjonen fra selskapet. Vi har følgelig ikke vært i stand til å fastslå hvorvidt det kunne være behov for å justere disse beløpene."

Taus toppsjef

Dagleg leiar og medeigar Håkon Vad vil ikkje kommentere kva som er status i usemja med den litauiske partnaren nett no. Han vil heller ikkje kommentere andre deler av reknskapen, eller utviklinga for selskapet så langt i år.
Usemja med den litauiske samarbeidspartnaren kjem på toppen av eit dårleg år for Vad ifjor (sjå tabell).
Eigenkapitalen i selskapet var tapt i 2013, som styret skriv i årsmeldinga. Trass i dette meiner styret det er grunnlag for å drive vidare.
Tiltak som er gjennomført i 2013 og 2014 har danna grunnlag for det styret "opplever som en positiv utvikling i 2014".

Kostbar flytting

Men styret legg ikkje skjul på at utflyttinga kosta, og legg noko av skulda på dei som miste jobben i Stordal.
"Kombinasjonen av produksjon på to steder i overgangsfasen, pakking og forsendelse av store mengder aktiva delvis av demotiverte personer under oppsigelse, og betydelig forskjell på prisnivået i Norge i forhold til Litauen, har medført uklarheter i oppgjøret mellom Vad as og samarbeidspartneren i Litauen.", heiter det i årsmeldinga.

Millionar i tynn tråd

Vad er eigd av Vadco International, der Håkon Vad er største eigar.
Vadco International skuldar Vad 2,1 millionar kroner, men revisor er i tvil om Vadco International er i stand til å betale.
"Det presiseres at det er knyttet usikkerhet til om morselskapet

vil være i stand til å betale denne gjelden", skriv revisor.

Over 40 årsverk

Vad vart skipa i 2000 og har spesialisert seg på møblar til kontraktsmarknaden. I fjor sysselsette selskapet 41,1 årsverk.
Toppen i driftsinntekter vart nådd i 2008, då verksemda selde møblar for 59,6 millionar kroner.
Men det året var og starten på ei lang rekkje med underskot.
Frå og med 2009 og fram til og med 2013 er det samla underskotet før skatt 15,5 millionar kroner.

Miste fotfeste

Utflagging av produksjonen frå Stordal råkar ikkje berre dei tilsette på Vad.
Vesle Høydal Møbelfabrikk i Austefjorden var ein av underleverandørane til Vad, og miste om lag ein fjerdepart av driftsinntektene sine då Vad-produksjonen flytta ut. (Sjå og Relaterte saker)
Tapet av underleveransen er ein av årsakene til at Høydal Møbelfabrikk truleg blir nedlagt innan få år.

Publisert: 09.09.2014 16:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37