Usamde om det meste
USAMDE: Leiar Helge Njåstad i Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomite og professor Bjarne Jensen har heilt ulikt syn på kommunereforma.
Nytt

Usamde om det meste

Helge Njåstad (Frp) og professor Bjarne Jensen er dundrande usamde om behovet for og konsekvensane av kommunereforma. Det er også kommunane på ytre søre Sunnmøre.

16.03.2016
- Dagens kommunestruktur er laga i ei heilt anna tid. Mange kommunar klarer ikkje å løyse dagens mange oppgåver og manglar kompetanse og breie nok fagmiljø, fastslo Njåstad, som er leiar i Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité.
Den tidlegare Austevoll-ordføraren var innleiar på Fosnavåg Shippingklubb sitt møte om kommunereforma tysdag.

Gulrot og pisk

Njåstad appellerte sterkt til at kommunane på ytre søre Sunnmøre slo seg saman, og lokka med 5 til 30 millionar kroner i reformstøtte, som kommunane kan bruke til det dei vil, i tillegg til at ein får dekt eingongskostnader.
- Dei som slår seg saman vil også få behalde dagens nivå på statlege overføringar i tjue år, med nedtrapping siste fem åra. Dette vil ikkje kommunar som vel å stå åleine få, sa Njåstad.

- Feil at kommunane er små

Professor Bjarne Jensen ved Høgskulen i Hedmark er tidlegare rådmann i Kristiansand og Bergen, og er av dei som mest har kritisert kommunereforma og faktagrunnlaget som vert brukt for å rettferdiggjere ei omfattande sanering av dagens struktur.
- Det finst absolutt ingen faglege haldepunkt for at større kommunar gir betre demokrati, betre tenester og meir robust samfunns- og næringsutvikling. Heller tvert imot.
Jensen meinte det var dumt å endre noko som fungerte godt og han la fram tal som viser at norske kommunar ikkje er spesielt mange eller små i europeisk samanheng. Jensen meinte også at spreidd busetnad, mange kommunar og mange lokalpolitikarar hadde vore viktig for utviklinga frå fattiglandet Norge til eitt av verdas beste land å leve i.

- Enorm sentralisering

Jensen reagerte spesielt sterkt på at det parallelt med kommunereforma også vart gjort store endringar i inntektssystemet.
- Det ligg 1,4 milliardar kroner i denne potten. 400 millionar kroner går til Oslo og 200 millionar kvar til Bergen og Trondheim.
- Her er det snakk om ei enorm sentralisering der ein tek frå dei små og gir til dei store. Dette vil vere svært negativt for distrikts-Norge, og spesielt kysten, som er så viktig for vekst og utvikling i dette landet, sa Jensen.

Etterlyser rausheit

Medan dei ti kommunane i regionkommune Sunnmøre har vorte samde om både namn og intensjonsavtale, står dei fem kommunane på ytre søre Sunnmøre framleis eit godt stykke frå kvarandre.
Hareid-ordførar Anders Riise (H) er leiar i Sunnmøre regionråd, og har i tillegg som ordførar forhandla både mot dei ni kommunane nordover og mot dei fire sørover frå Hareid.
Riise meinte at det var meir rausheit og ein betre prosess i nord enn i samtalane mellom kvintetten Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.
- Eg etterlyser meir rausheit, slik at vi får ein god prosess og gode alternativ fram til innbyggjarane skal seie sitt. I tillegg er det viktig no at næringslivet kjem aktivt på bana og seier klart frå om kva dei ønskjer, sa Riise.
Varaordførar Camilla Storøy (KrF) i Herøy var veldig usikker på kva som var rett, og viste til at undersøkingar i Herøy viser at innbyggjarane i kommunen har vorte meir skeptiske til samanslåing, også den yngre garde som normalt er mest endringsvillig.

Rådvill

Sande-ordførar Dag Vaagen (H) var derimot meir positiv og såg ei rekkje fordelar med samanslåing, ikkje minst for å få breiare og betre fagmiljø og auka styrke overfor statlege institusjonar og mot dei større byane, medan ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven var mest rådvill.
Vanylven har fått ros for prosessen, men Landsverk Sande viste til at kommunen kan sprekke i tre, ettersom enkelte vil til Volda, andre til Sande, Ulstein, Herøy og Hareid, medan dei lengst i syd i kommunen helst vil krysse fylkesgrensa og gå til Vågsøy og Selje.
- Eg vert meir rådvill til lenger tid det går, og eg håper inderleg at innbyggjarane i Vanylven er mindre forvirra enn meg.

Foreslo Hareid eller Fosnavåg

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) har derimot vore av dei ivrigaste forkjemparane for samanslåing av ytre søre-kommunane.
Men Engh og Ulstein har vorte skulda for å ville rane til seg mest mogleg under denne prosesssen. Mellom anna har det vore stor strid om kvar eit eventuelt nytt kommunesenter skal liggje, og der spesielt Sande og Herøy har ivra sterkt for Myrvåg, som eit geografisk midtpunkt.
Engh meinte av Myrvåg var eit dårleg alternativ, og han meinte at ein i staden burde jobbe for å styrke dei sentra som alt var i regionen.
Det siste har vorte tolka som at Ulstein vil ha senteret til Ulsteinvik. Men på møtet tysdag kom Engh kritikerane i møte.
- Frå Ulstein si side seie seier vi no ja til at eit framtidig kommunesenter vert lagt til Hareid eller Fosnavåg, fastslo han.

Folkerøysting

19. mai får innbyggjarane i dei fem kommunane seie sitt gjennom folkerøystingar.
Etter behandling i dei ulike kommunestyra skal fylkesmennene kome med sine tilrådingar. Dei har frist til 1. oktober til å uttale seg.
Målet er at Stortinget skal gjere endeleg vedtak i 2017.
- Det er folket i kommunane som avgjer, og prosessen er bygt på frivilligheit. Men Stortinget kan gripe inn i spesialtilfelle, til dømes dersom ein kommune i midten blokkerer for ei god løysing for andre kommunar på begge sider som vil slå seg saman, sa Helge Njåstad.
Han meiner at det bles ein samanslåingsvind.
- Prosessen gjekk tregt i starten, men siste halvåret har det skote skikkeleg fart. Det er gledeleg.
Eg vert meir rådvill til lenger tid det går, og eg håper inderleg at innbyggjarane i Vanylven er mindre forvirra enn meg

Publisert: 16.03.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54