Uroa for mange smaabedrifter
TETT PÅ STATSRÅDEN: – Det har vore givande å få kome inn i næringsdepartementet og jobbe med både maritime næringar og sjølvsagt reiseliv, som har vore mitt hjarte nærast, fortel Britt Giske Andersen (53) om stillinga som politisk rådgjevar for næringsministeren.
Nytt

Uroa for mange småbedrifter

Ein politisk rådgjevar frå Giske er brått blitt ein av dei mest sentrale personane frå regionen for dei som vil påverke næringspolitikken. 

Marius Rosbach
30.05.2020
Etter at Framstegspartiet forsvann ut av regjering, er Britt Giske Andersen blitt ein av dei mest sentrale personane frå regionen for dei som vil påverke kva for næringspolitikk som blir ført.
– Dei første vekene tenkte eg at dette var som å hoppe på eit tog i fart. Så kom koronaen.
Giske-kvinna stoppar opp og let orda henge i lufta. Ho forsøker beskrive korleis det har vore å kome inn som ein av dei næraste rådgjevarane til næringsminister Iselin Nybø, omtrent i same augneblink som næringslivet opplevde å få ei historisk krise i fanget.
Då konsekvensane av koronapandemien i løpet av få dagar snudde opp ned på utsiktene for svært mange næringsdrivande, var også statsråden sjølv temmeleg fersk i jobben som ho overtok Torbjørn Røe Isaksen i januar.
– Det har vore heilt surrealistisk og eg trur aldri eg har bevegd meg over heile spekteret av følelsar, slik eg har gjort i denne jobben. Det har vore eit veldig sterk bevisstgjering over kva for eit bra samfunn vi har og for eit bra land vi bur i, fortel Andersen til NETT NO.

– Vande med å klare seg sjølv

Dei store verftsbedriftene og reiarlaga, er vande med å heve stemma. Då sjefen til Britt Giske Andersen denne veka, kom det kontant svar frå bransjen om at tiltaka var for små.

Den politisk rådgjevaren meiner at også dei mindre bedriftene må vere bevisste på kva for hjelp dei kan få. Og at dei gjerne kan vere meir aktive med å påverke næringspolitikken.
– Den typiske sunnmøringen som alltid ser framover og er vand med å klare seg sjølv, er eit godt døme på det arbeidslivet vi har mest av, nemlig småbedriftene og kvardagsarbeidslivet. Det er ikkje dei som ropar høgast, og det har eg merka meg – også i denne situasjonen, seier ho.

Ingen jubel for krisehjelp

Då rådgjevaren seier desse orda, har sjefen hennar nettopp lagt nær 700 millionar på bordet i nye tiltak for den maritime industrien. For nokre næringar er det mykje pengar, men storleiken på krisehjelpa imponerte ikkje dei industritilsette og deira organisasjonar. Dei hadde venta meir frå ei regjering som står i ei særstilling internasjonalt når det gjeld handlingsrom til å hjelpe eit kriseramma næringsliv.
Regjeringa har fått ros for å ha vore effektive mellom anna med å få opp den sokalla kontantstøtteordninga. Den gir bedrifter pengar på konto for å hjelpe dei med dei faste utgiftene. Til no er kring 1,8 milliardar gått til titusenvis av bedrifter via denne kompensasjonsordninga.
– Vi er heldige som faktisk har moglegheiter til å finne god løysingar fort og handle fort. Demokratiet vårt har fungert og vi har jobba i lag. Eg opplever at det har vore som å vere del av ein kjempediger dugnad – også her i departementet, fortel ho.

Lidenskap for å «bygge opp, skape og utvikle»

Då næringsministeren og følgje hennar er på den første «ut-av-Oslo-reisa» sidan koronapandemien slo til, er det vegen framover som gjeld. Korleis kan styresmaktene skape ny aktivitet i næringar, der til dømes delar av reiselivet ligg heilt nede.
Andersen fortel at ho gjennom møta som har vore, har hatt mykje kontakt både med den maritime industrien og reiselivet, som ligg hennar hjarte nærast. Bevisstheita kring gründerskap og næringsutvikling har ho fått inn frå ho var lita ved frukostbordet.
– Eg har jobba sidan eg var lita. Lidenskapen min har vore å kunne vere med å bygge opp, skape og utvikle noko som det er mogleg å tene pengar på – om ikkje for min eigen del, så at andre kan tene på det, forklarar ho.

Hjarte for småbedriftene

Då ho gjekk til jobben som rådgjever for statsråden, jobba ho som marknadssjef ved Atlanterhavsparken i Ålesund. Der har ho mellom anna jobba for at Atlanterhavsparken skal bli eit vitensenter og utstillingsvindauge for Norge som sjømatnasjon og den marine verksemda. I arbeidslivet har ho også mange år bak seg i destinasjonsselskapet Visit Ålesund & Sunnmøre.
Rådgjevaren fortel at ho spesielt har hjarte for dei mindre bedriftene. Før koronakrisa slo til, dreia mykje av arbeidet til Solberg-regjeringa seg om å forenkle kvardagen – ikkje minst for dei mange små- og mellomstore bedriftene.
– Småbedriftene som skapar ein arbeidsplass for seg sjølv og nokre til. Korleis skal dei kunne få gjere det som var utgangspunktet deira: Å drive noko dei har lidenskap for, utan at skjemavelde eller byråkratiet tek overhand og tek frå dei gleda over å skape sin eigen arbeidsplass, spør ho.
Andersen påpeiker likevel at ho er oppteken av ryddige høve, og at alle skal behandlast likt når dei tek kontakt med departementet.

Oppmodar til bruk av verkemiddelapparatet

Andersen kjenner seg vel heime i identiteten hos det sunnmørske næringslivet med gründerånd og skapartrong. No er ho likevel uroa for framtida til nokre av bedriftene i heimfylket.
– Der vi har kome no, så vil ikkje alle klare seg sjølv. Og eg har nok tenkt at den typiske sunnmøringen kanskje i for stor grad har det i ryggrada at ein skal klare seg sjølv. Det er kjempeviktig at bedriftene kjenner si besøkelsestid og finn ut kva hjelp dei kan få, påpeiker rådgjevaren.
I tillegg til hjelp med rekninga for dei mange permitterte, gunstige lån og fritak for avgifter, har mykje av krisehjelpa dreia seg om å styrke verkemiddelapparatet.
– Bruk det apparatet, om det er Innovasjon Norge, Siva eller din eigen kommune. Ein må be om hjelp og ikkje sitte og tenke at det vil gå over. For det vil ikkje gå over på ganske lenge, er oppmodinga.

Kjempa for fleire arbeidsplassar til reiselivet

I politikken har Britt Giske Andersen vore 16 år i kommunestyret i Giske og varaordførar i perioden 2015-2019. Ho har også vore med i fylkespolitikken og var tidlegare fylkesleiar for Venstre i Møre og Romsdal. Ho har no permisjon frå fylkespolitikken.
Næringspolitikk – og spesielt reiseliv har vore mellom sakene ho har markert seg på. Då ho stilte som 2. kandidat til fylkestinget for Venstre i fjor, annonserte ho og førstekandidat Pål Farstad, at dei ville ha fleire arbeidsplassar i reiselivet i fylket.
Mellom kampsakene var at enkeltkommunar skulle få moglegheit til å innføre turistskatt, eit betre kollektivtilbod til attraktive turistattraksjonar, at mat, kultur og natur fekk ein større plass i reiselivspolitikken og at reiselivet skulle vere høyringspart i stor utbyggingssaker – til dømes vindkraft.
Eg har nok tenkt at den typiske sunnmøringen kanskje i for stor grad har det i ryggrada at ein skal klare seg sjølv

Publisert: 30.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57