Under 23 dollar fatet
NY SMELL: Offshoreskipet World Opal i slep av slepebåten Dian Kingdom ved Flø i september 2019, på veg til ombygging til fôrbåt. No har oljeprisfallet gitt offshorereiarlaga ein ny smell. 
Nytt

Under 23 dollar fatet

Olje har ikkje vore billegare sidan 2002/2001.

30.03.2020
NETT NO/NPK: Nordsjøolje for levering ein månad fram i tid blir i dag handla for under 23 dollar fatet.
Det er eit prisfall på 65 prosent, 43 dollar fatet, sidan starten av 2020.

Korona og priskrig

Tiltaka mot koronaepidemien har sett aktiviteten i økonomine på sparebluss verda over. Det har redusert etterspørselen etter olje.
Samstudes har Opec-landa, med Saudi-Arabia i spissen sett i gang ein priskrig i oljemarknaden etter at det ikkje vart semje med Russland om kutt i produksjonen.

Børsfall

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,5 prosent til vel 650 poeng den første halvtimen med handel på mandag.
Hovudindeksen enda fredag på 666,86 poeng etter eit fall på 3,6 prosent gjennom dagen. Så langt i år har børsen falle 30 prosent.
Equinor er mest omsett måndag og leier an med eit fall på 4,5 prosent. Samtidig fell oljeprisen vidare.

Publisert: 30.03.2020 10:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55