Ulsteinskip ut av opplag
ULSTEINVIK: Ulstein Group-selskapet Ulstein Shipping eig dei to PSV-ane Blue Queen og Blue King. No blir Blue Queen tatt ut av opplag etter to år.
Nytt

Ulsteinskip ut av opplag

Byggjer om plattformforsyningsskip etter seks-årskontrakt.

20.11.2017
Det Ulstein-eigde skipet, ‘Blue Queen’, har blitt innleigd av Wagenborg Offshore på ein seks-årskontrakt for å støtte Nederlandse Aardolie Maatschappij (NAM) og Shell UK Exploration & Production (Shell UK) i deira offshoreoperasjonar i søre delen av Nordsjøen. Skipet vil bli utstyrt med ei walk-to-work gangbru, og skal arbeide som eit beredskaps- og redningsfartøy, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Ombygginga frå plattformforsyningsfartøy til eit "walk-to-work emergency response and rescue vessel" skal skje ved verftet Royal Niestern Sander i Nederland.
Skipet får ein ekstra boligmodul, rørslekompensert gangveg og kran. Ombygginga er venta å vere ferdig i mars 2018, og vil starte arbeidet I Nordsjøen i løpet av første kvartal, i følgje pressemeldinga.
Skipet skal vere standbyfartøy og støttefartøy for inspeksjon og vedlikehald av ubemanna plattformer på nederlandsk og britisk sokkel.

Publisert: 20.11.2017 16:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16