Ulsteining fekk fiskeriavtalen i hamn
AVTALE: Fiskeriminister Per Sandberg er godt fornøgd med fiskeriavtalen med Færøyane, ein avtale som vart forhandla fram av Ingrid Vikanes frå Ulsteinvik.
Nytt

Ulsteining fekk fiskeriavtalen i hamn

Noreg og Færøyane er samde om bilateral avtale for kvotebyte i 2018.

06.12.2017
Tradisjonelt har det vore knallhard tautrekking mellom Noreg og Færøyane for å lande ein avtale.
Spesielt har makrellen skapt utfordringar.

Forhandlingsleiar to siste år

I år gjekk det derimot raskt å få på plass ein avtale, og forhandlingsleiar frå norsk side var Ingrid Vikanes, opphaveleg frå Ulsteinvik, men no busett i Oslo.
Vikanes er utdanna jurist, og er no tilsett som seniorrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet.
Vikanes leia også forhandlingane i fjor, også då med godt resultat.
Frå færisk side leia Andras Kristiansen årets forhandlingar.
Les her:

Gir tilgang til færøysk sone

Sentralt i avtalen er at Noreg får fiske 5 979 tonn makrell og i tillegg får fiske opp til 32 640 tonn av kolmulekvoten i færøyske farvann.
Fiskeriminister Per Sandberg er fornøgd.
- Kvotane som vi byttar til oss med Færøyane er viktig for norske fiskarar. Eg synest det er bra at vi har fått på plass ein avtale som gir norske fiskarar kvoter og adgang i færøysk sone også i 2018, seier Per Sandberg, i ei pressemelding.

Kvotebyte

Ifølgje departementet gir avtalen norske fiskarar ein kvote på 2 200 tonn lange/blålange, 1 801 tonn brosme, 150 tonn sei og 800 tonn andre artar som bifangst.
Noreg har også fått ein makrellkvote på 5 979 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.
Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 200 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone.
I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 755 tonn torsk og 325 tonn hyse, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland,

medan norske fartøy kan fiske opp til 32 640 tonn av den norske kolmulekvoten for 2018 i færøyske farvatn.

Publisert: 06.12.2017 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16