Ulstein skal byggje om cruiseskip
KONTRAKT: Dette cruiseskipet skal ombyggast ved Ulstein Verft.
Nytt

Ulstein skal byggje om cruiseskip

Ulstein Verft har sikra seg ombyggingsoppdraget for ekspedisjonscruiseskipet Sea Adventurer.

19.10.2016
Skipet kjem til Ulstein Verft i april.
- Eit viktig oppdrag for oss, både for å fylle eit hol i produksjonen og fordi dette er eit oppdrag innan eit nytt og viktig segment for oss.
Det seier verftsdirektør Kristian Sætre.
Det 100 meter lange og 16,2 meter breie skipet skal få om bord ti nye lugarar. I tillegg skal det mellom anna skiftast gir, propellar og generator.
- Skipet skal også få ei generell oppskeining, seier Sætre.

Isklasse

Det er det Bahamas-registrerte selskapet Adventurers Partners Ltd som eig skipet, men skipet vert operert frå USA. Båten er frå 1975 og var bygt i tidlegare Jugoslavia, då under namnet Alla Tarasova. Frå 1997 til 2012 heitte skipet Clipper Adventurer.
Skipet har isklasse og har heilt frå starten vore mykje nytta til cruise både i Arktis og Antarktis.
Passasjerkapasiteten før ombygginga er på 122, medan skipet er innreidd for eit mannskap på 72.

Hadde ledig kapasitet

Ulstein skal overleve det andre offshore vind-skipet til tyske Bernhard Schultze rundt årsskiftet. Deretter er det ikkje nye større oppdrag i ordreboka.
- Difor er dette ombyggingsoppdraget viktig for oss. Vi håpar også å kunne fylle på med meir oppdrag innan ombygging og reparasjonar.
- Det er denne typen oppdrag som gir raskast effekt, seier Sætre.
Han meiner at ein av grunnane til at Ulstein Verft fekk cruisekontrakten var at ein kunne gjere arbeidet nettopp i den perioden selskapet kunne ta skipet ut av drift.
- Selskapet har eit avgrensa tidsvindu for å gjere ombygginga, og for oss passa det.

Håpar på meir

Sætre seier at selskapet håper på fleire oppdrag innanfor mindre cruiseskip, spesielt innretta mot ekspedisjonar.
- Ja, her er det ein del aktivitet, og vi ser på fleire spennande prosjekt.
Han meiner at verftet er godt egna til å byggje denne typen skip.
- Vi har overbygd dokk, noko som er ein stor fordel ved bygging av mindre cruiseskip. I tillegg er vi kjende for å levere på tid, noko som er viktig for bestillarane av cruiseskip.

Redusert stab

Ulstein Verft hadde eit dårleg resultat i fjor, og det har vorte sett i verk fleire tiltak for å snu skuta. Mellom anna er staben redusert.
Sætre seier at ordresituasjonen avgjer om det vert sett i verk ytterlegare tiltak.
- Vi er nøydde å tilpasse oss til situasjonen, men vi håpar samstundes å lande større kontraktar snart.
Eit viktig oppdrag for oss, både for å fylle eit hol i produksjonen og fordi dette er eit oppdrag innan eit nytt og viktig segment for oss

Publisert: 19.10.2016 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02