Ulstein kuttar tilsette
ULSTEIN: Det vert færre tilsette ved Ulstein. I Ulstein Verft har tilsette over 62 år vore inne til samtale.
Nytt

Ulstein kuttar tilsette

Ulstein Verft reduserer talet på tilsette. Medarbeidarar over 62 år har vore inne til samtale.

27.03.2015
- Marknaden er tøff og vi har sett i gang ein prosess for å sjå korleis vi kan betre lønsemda og verte meir konkurransedyktige.
Dette seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim.

Forhandlingar pågår

Ho seier at ein no er i gang med forhandlingar med organisasjonane om detaljar rundt nedbemanningsprosessen.
- Vi veit ikkje det endelege resultatet, men dette gjer vi for å rigge organisasjonen for framtida.
Totalt var det ved siste årsskifte 843 tilsette i Ulstein-konsernet. Ved Ulstein Verft er det vel 400 tilsette.
- Vi blir færre tilsette når prosessen er over, seier Solheim.

62-åringar i samtale

Alle tilsette over 62 år ved Ulstein Verft har vore inne til samtale om situasjonen.
- Nokre har sagt at dei ønskjer å slutte no, andre vil fortsette i jobb,seier Solheim.

Kuttar på studentordning

Ulstein har hatt nesten 20 studentar i systemet som er under utdanning, og som selskapet har gitt årlege stipend til. Også denne delen vert det no sett på.
- Nokre av desse får tilbod om jobb i Ulstein no, nokre får støtte/stipend til vidare studiar som master på NTNU eller Høgskulen i Ålesund.
- Nokre få får ikkje vidare støtte eller tilbod om arbeid.

Ser på heile organisasjonen

Lene Trude Solheim seier at det vert sett på alle deler av organisasjonen.
- Vi ser på korleis vi kan gjere ulike deler av produksjonen billegare og meir effektiv. Alle steinar vert snudde i denne prosessen.
Ho strekar under at målet er å byggje ein organisasjon som er godt rusta for framtida.
- Vi har store ambisjonar for Ulstein og Ulstein Verft framover, men no er det viktig at vi har ei rett organisering med rett bemanning. Det er det denne prosessen handlar om.
Alle steinar vert snudde i denne prosessen

Publisert: 27.03.2015 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43