Ulstein Verft varslar nye kutt
TRENG MEIR JOBB: Utdokking av milliardskipet til Edison Chouest/Island Offshore i fjor. Ulstein Verft treng nye oppdrag for å fylle dokka.
Nytt

Ulstein Verft varslar nye kutt

Ulstein Verft gjekk med 113 millionar i underskot i fjor. Verftet spår eit nytt svakt resultat og nye nedbemanningar i år.

22.07.2016
Reknskapen til Ulstein Verft viser at det er verftet som står for storparten av underskotet i Ulstein Group i år.
Verftet gjekk frå eit lite til eit stort underskot i 2015, samstundes som driftsinntektene vart nesten halvert, til 1,1 milliardar kroner (sjå tabell).
Då Ulstein Group, som eig Ulstein Verft, i mai i år offentlegjorde konsernreknskapen for 2015 viste den eit underskot før skatt på 134,7 millionar kroner.

Manglar oppdrag

Verftet har ikkje greidd å skaffe seg nye kontrakter på lang tid. Det siste store kontrakten som blei inngått var med tyske Bernhard Schultze for bygging at to servicefarty for offshore vindturbinparkar. Det eine er levert, den andre skal leverast i første kvartal 2017.

Ved verftet ligg og bygg nummer 302, eit konstruksjonsskip til Edison Chouest/Island Offshore, der prislappen truleg er over ein milliard kroner. Skipet skulle opphavleg overtakast ved årskiftet, men overtaking av skipet let vente på seg.
I mars , i mai sa Gunvor Ulstein i Ulstein Group at overleveringa tek tid:
- Det har tatt lenger tid enn forventa, men vi går ut frå at dette ordnar seg til det beste for alle partar, .

Færre folk

Konsekvensen av mangel på oppdrag er mellom anna færre folk i jobb. Verftet hadde 318 tilsette ved utgangen av 2015, men av desse var 31 oppsagde og arbeidde berre ut oppseiingstida.
Verftet la ned skrogseksjonsavdelinga i Vanylven i fjor og varslar i årsmeldinga for 2015 at det blir ytterlegare nedbemanning ved verftet i år.

Publisert: 22.07.2016 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58