Ulmatec Pyro dobla inntektene
STANGAR I TAKET: Ulmatec Pyro i Søvika stangar i taket for kor mykje selskapet kan produsere, og planlegg utviding.
Nytt

Ulmatec Pyro dobla inntektene

I fjor tok det av for Ulmatec Pyro, og i år kan det bli enda betre.

10.07.2020
Ulmatec Pyro i Haram lagar og levere utstyr og anlegg som aukar energiutnyttinga på skip. Reiarane får meir ut av drivstoffet dei har betalt for og utsleppa går ned.
- Kundane byrjar å sjå at dei må redusere energibruken, seier dagleg leiar Palmar Bjørnøy i Ulmatec Pyro.
Det er både miljø- og økonomiargumentet som fekk større gjennomslag i fjor.
-Det var eit år med mykje ordrar - med full innsats frå alle tilsette gjennom året, seier Bjørnøy.
Driftsinntektene blei 102 millionar i fjor. Det er ny rekord og omlag ei dobling frå 2018. Resultatet før skatt blei 28,9 millionar kroner. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)

Større trykk i år

- Det ser ut til å bli et bra år også i 2020, ordreinngangen er betydeleg bedre enn i fjor, seier Bjørnøy
Selskapet stangar i taket når det gjeld kapasiteten, og dersom denne etterspørselen held seg har selskapet planar om å utvide både utstyrsparken, produksjon- og kontorlokale.

Alle typar fartøy

Med unntak av dei aller største fartøya har Ulmatec Pyro levert utstyr og anlegg til alle typar fartøy, frå små sjarkar til store cruiseskip. Hovudmarknaden er nybygg, men Bjørnøy seier det er eit stort potensiale i ettermarknaden, eit potensiale som Ulmatec Pyro i liten grad har utnytta fordi selskapet har nok å gjere med nybåtmarknaden.
Ulmatec Pyro sysselset 41 årsverk. Selskapet er eigd av Ulstein Marine Technology (55 prosent) og Pyrofabrikken as (45 prosent).

Publisert: 10.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59