Uforstaaeleg at slike kutt kjem
DYRARE: Fylkesrådmannen meiner ferjebillettane bør aukast med ei takstsone for å skaffe 30 millionar meir i inntekter til fylkeskommunen. Det likar næringslivet dårleg. 
Nytt

– Uforståeleg at slike kutt kjem

Leiaren i Ulstein Næringsforum meiner kuttforslaga til fylkesrådmannen er «næringsfiendtlege».

Marius Rosbach
07.11.2019
Denne veka blei det kjent korleis fylkesrådmannen i Møre og Romsdal meiner .
Innsparingsforslaga på vidaregåande utdanning og forslaget om å auka betalinga på ferjene fell ikkje i smak hos dagleg leiar Daniel Garden i Ulstein Næringsformum som meiner dei er «næringsfiendtlege».
– Vi er glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune er framoverlente i næringsutviklingsarbeidet. Dei brukar store ressursar på å byggje eit sterkt næringsliv og robuste regionar for framtida, men då vert det ekstra uforståeleg at slike kutt kjem, uttalar Garden i ei pressemelding torsdag.

– Kallar ferjetakster for bompengar

Garden påpeiker at fjordane er som barrierar i regionen, og at til dømes forslaget om å auke takstane på ferje, er med på å auke desse barrierane både for varetransport, skulependling, bu- og arbeidskøyring.

Han fortel at fleire enn 300 personar som dagleg pendlar mellom Ulstein og Ålesund blir råka, og i tillegg får pendlarar til Ulstein frå Sande og Vanylven auka sine kostnader.
– Nokre av våre medlemmar kallar ferjetakstar for bompengar, og slik må ein nesten sjå på det, legg han til.

Les også:



Dyrare med Autopass

Fylkespolitikarane skal også ta stilling til innføring av Autopass, som vil auke takstane for dei som tek med køyretøy på ferje med nokre ekstra kroner.
Garden påpeiker at det ikkje er ei ordning som kjem næringslivet til gode, og påpeiker at det også skjer mykje møte- og salsverksemd ulike stader i regionen.
– Fylket bør i større grad unngå å legge barrierer for næringslivet på denne måten, meiner han.

Bedrifter reagerer på skulekutt

Forslaget om å på vidaregåande skuler, også omtala som YSK eller TAF-linjer vekker negative reaksjonar hos fleire av Garden sine medlemmar.
Ein representant frå industrien seier det er flinke og motiverte elevar som industrien ønskjer særs velkomne.
Ei anna bedrift påpeiker at kutt i estetiske fag er negativt fordi design, kreativitet og nytenking er viktig i omstillingane samfunnet skal gjennom.

Les også:



Vil ikkje foreslå andre kutt

Leiaren av næringsforumet vil ikkje kome med forslag til kvar fylkeskommunen elles skal spare eller auke sine inntekter.
– Ulstein Næringsforum har ingen kommentar til kvar fylket bør kutte, men ønskjer å påpeike korleis eventuelt kutt råkar næringslivet og lokalsamfunnet her, fortel han til NETT NO.
Han meiner det er eit paradoks at det kjem kutt som påverkar næringslivet negativt, samtidig som fylke får fleire oppgåver innan næringsutvikling.
– Dette blir litt som å gi med eine handa og ta med den andre, meiner han.

Les også:



Publisert: 07.11.2019 14:07

Sist oppdatert: 12.06.2023 15:32