UDI sjefen Arbeidsinnvandring gaar under radaren
INNVANDRING: UDI-direktør Frode Forfang presenterer 2018-tala for arbeidsinnvandring frå EØS og tredjeland. 
Nytt

UDI-sjefen: – Arbeidsinnvandring går under radaren

Talet på arbeidsinnvandrarar frå India og andre land utanfor EØS steig i fjor til 6.196. Arbeidsinnvandringa frå EØS-land er halvert.

23.01.2019
NPK-NTB-Are Føli: – Ein type innvandring som går litt under radaren, meiner UDI-sjefen.
Nye innvandringstal vart presenterte av UDI tysdag, rett før KrF presenterte dei nye ministrane sine som skal samarbeide i regjering med Høgre, Venstre og Frp.
Viss alle grupper innvandrarar og flyktningar blir sett under eitt, har talet vore fallande i fleire år. Både talet på arbeidsinnvandrarar frå EØS-land og flyktningar og asylsøkjarar har gått betydeleg ned.
Men éi gruppe skil seg ut og er veksande: Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS.
– Den typiske innvandraren i denne gruppa er ein mannleg indisk ingeniør, gjerne i IT-bransjen, sa UDI-sjef Frode Forfang då tala vart lagt fram.

Kraftig nedgang

Europeiske arbeidstakarar frå EØS-land er den desidert største gruppa menneske som innvandrar til Noreg. Men talet har falle kraftig, frå over 40.000 i 2010 til litt over 20.000 i fjor.

Samtidig flyttar mange europearar tilbake til heimlanda sine kvart år. Til saman utvandra det 26.600 utlendingar frå Noreg i 2017, ifølgje SSB.
Reglane for arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS er mykje strengare, og dei må som hovudregel ha eit konkret arbeidstilbod for å kunne flytte til Noreg.
Forfang meiner styresmaktene er opptekne av å legge til rette for denne typen innvandring. Mange av dei som søkjer om arbeidsløyve, får søknadene behandla innan eit par veker.
Mange asylsøkjarar må belage seg på mykje lengre ventetid, sjølv om variasjonen her er stor.
– Når det gjeld asyl, har prioriteten vore at dei som har ei openbert dårleg sak, skal takast raskt unna, seier Forfang.

India på topp

Talet på utlendingar frå land utanfor EØS, som fekk arbeidsløyve i Noreg, auka i fjor til 6.196. For ti år sidan var det tilsvarande talet omtrent 4.000.
India tronar på toppen av lista over landa desse arbeidsinnvandrarane kjem frå. På to år vart talet på indarar meir enn fordobla til 1.901. Mange av dei er høgt utdanna IT-folk.
Indarar toppar òg lista over i fjor med 915 innvilga løyve.
Til samanlikning fekk litt over 3.500 menneske asyl eller vern som kvoteflyktningar i Noreg i fjor.
– Framleis er det slik at asyl og den typen innvandring får ekstremt stor merksemd, seier Forfang til NTB. Han meiner arbeidsinnvandring i staden «går litt under radaren».

– Noregs behov styrer

På andre plass på lista over faglærte arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS ligg USA. 506 amerikanarar fekk arbeidsløyve i Noreg i fjor.
Samtidig kom det 1.222 sesongarbeidarar frå Vietnam. Mange av desse utførte oppgåver i landbruket.
Forfang trur denne typen arbeidsinnvandring får mindre merksemd enn flyktningane fordi ho vert opplevd som mindre utfordrande – og fordi ho i stor grad er styrt av behova til norsk næringsliv.
– Her er det faktisk Noregs behov som styrer. Det er den store skilnaden, seier han.
Asylinnvandringa har i staden samanheng med behova til dei som kjem, påpeikar UDI-sjefen.

Publisert: 23.01.2019 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30