Tysk allianse gir Kleven fordel
ALLIANSEN: Luksusyachten "Ulysses" frå Kleven på veg mot sluttutrustning i Tyskland. No blir stort tysk verft og yachtekstpert medeigar i Kleven-konsernet.
Nytt

Tysk allianse gir Kleven-fordel

Med det tyske verftkonsernet Lürssen som medeigar får Kleven eit betre fotfeste i yacht-marknaden meiner Asle Strønen i Norske Skipsverft.

08.09.2017
Lürssen er ein av investorane som går inn med til saman 300 millionar kroner og sikrar vidare drift for Kleven-konsernet. Det er ein verdifull allianse for Kleven, meiner dagleg leiar Asle Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
Les meir om Klevens veg mot refinansiering under Relaterte saker
- Det er veldig interessant å registrere at eit "high end" tysk skipsverft finn det interessant å gå inn på eigarsida i eit norsk skipsverft, seier Strønen.
Han meiner Kleven vil få både teknologiutveksling og eit stort internasjonalt netteverk inn mot yachtmarknaden gjennom Lürssens medeigarskap.
- Lürssen gir Kleven større handlingsrom, seier Strønen og får støtte frå bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri.

Luksusyacht og marinefarty

Lürssen har spesialisert seg på to typar skip, store yachtar og marinefarty.
Verftet har mellom anna bygd yacht for Paul Allen, ein av Microsoftgründerane.
Kleven og Lürssen inngjekk tidlegare i år ein samarbeidsavtale om at Lürssen skal stå for den siste utrustninga av yachtar so, Kleven byggjer i framtida.
Kleven har nyleg bygd to store yachtar for den New Zealandske milliardæren Graeme Hart, der sluttarbeidet blei sett vekk til eit anna verft i Tyskland. Den siste yachten til Hart ble sjøsett frå Kleven i mars i fjor.

Kysttvaktskip rett rundt hjørnet

Gørvel-Dahll er fornøyd med at Kleven fikk refinansieringa på plass og håpar det gjer at Kleven fortsatt er med i konkurransen om å få bygge tre nye kystvaktskip.

Gørvell-Dahll seir avklaringa om kystvaktkontraktane er varsla å kome i haust.

Publisert: 08.09.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13