Tyrkiske verft har faatt betre finansieringsordning
TYRKISK TREKK: Betre norske finansieringsordningar er bra, men tyrkiske verft har også fått forbetra finansieringsordningar, i følgje Rolf Fiskerstrand.
Nytt

Tyrkiske verft har fått betre finansieringsordning

Ny tyrkisk finansieringsordning utfordrar norske verft, meiner Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Holding.

07.11.2017
Fiskerstrand ventar ein byggeboom for ferjer dei neste to åra, og seier det ikke er usannsynleg at det blir inngått heile fem til 10 kontraktar allereie før jul.
Han er også svært nøgd med den nye finansieringsordninga som regjeringa vil innføre, som gjer at norske reiarar som skal byggje skip til bruk i norske farvatn også kan få nyte godt av finansiering frå Eksportkreditt.

Tyrkisk tiltak

Men ei ny statleg finansieringsordning i Tyrkia er ei ny utfording for norske verft meiner Fiskerstrand, der reiarane betalar tilsaman ein mindre del av kjøpesummen ved bestilling og levering - og resten i avdrag over 8-10 år.
- Den (ordninga, red.merk) vil ha den effekten at det vil bli enda meir interessant å bygge i Tyrkia, seier han.

Store beløp

Fjord 1 - det største av ferjereiarlaga - har åleine tinga nye ferjer for rundt 2,3 milliardar kroner dei siste to åra, og ventar å tinge nytt og ombygging for ytterlegare 1,2 milliardar for å for ferjer til dei sambanda selskapet skal trafikkere.
Fiskerstrand ventar at også andre reiarlag har byggeplanar.

Publisert: 07.11.2017 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15