Tydde til nettet daa koronaen kom
MANGESYSLERI: Reidar Olsen er papiravisredaktør, driv overnattingsbedrift og kafé, musikkinstrumentsal og noteforlag. No er han også nettavisredaktør.
Nytt

Tydde til nettet då koronaen kom

Reidar Opsal i Bygdebladet har i årevis sagt nei til nettavis, men koronaepidemien fekk han til å skifte syn.

28.10.2020
I løpet av eit par veker i mai fekk Opsal og kollegaene på plass nettversjonen for abonnentane av Bygdebladet.
Store deler av staben var permittert i starten av epidemien, og Opsal såg at ein del abonnenentar ikkje fekk papirutgåva i tide, samstundes som informasjonsbehovet steig.
- Vi blei sittande her og tenke, kor langvarig blir dette her?, seier Opsal.
Dermed blei Bygdebladet også nettavis.

Alle på nett

Tidlegare i år har også også Storfjordnytt lansert nettavis-versjon.
Når Sunnmørsposten, eigaren av Sykkylvsbladet og Sunnmøringen på Stranda, har fått slått saman dei to avisene fell den siste papiravis-skansen. Då får også sykkylvingane lese siste nytt også på nett. Dermed har alle avisene på Sunnmøre og i Nordfjord nettutgåver, eller blir publisert som e-avis der papirutgåva kan lesast på skjerm.

Kostar meir

Når valet først er gjort er det ikkje aktuelt å gå attende til papiravis, sjølv om nettavisa betyr ekstraarbeid som pr. i dag ikkje betaler seg isolert sett. Nettversjon av Bygdebladet måtte kome på eit tidspunkt, koronaepideminen berre framskunda den, ifølgje Opsal.
Han fortel om eit kraftig fall i annonseinntektene då epidemien kom.
- Det var nesten ingen ting, seier han om situasjonen, som varte til over sommaren.

Nedgang

Avisbedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord, pluss Romsdals Budstikke, hadde samla sett eit resultat før skatt i prosent av driftsinntektene på 8,9 prosent i fjor, mot 9,7 prosent i 2018.
Inntektene hadde ein liten auke, frå til saman 358 millionar kroner i 2018 til 360 millionar kroner i 2019.
10 av avisene, mellom dei Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, hadde ei liten inntektsnedgang i fjor. Størst inntektsvekst hadde Bygdebladet og avisa Møre, som saman med seks andre aviser sikra inntektsveksten samla sett.
I år har avisbransjen tapt annonseinntekter på grunn av koronaepidemien og tiltaka mot den. Samstundes tyder opplagsstatistikken for 1. halvår på at avisene ikkje har auka opplaget
Som største avis på Nordvestlandet har Sunnmørsposten også den største nedgangen, målt i abonnentar. 635 færre blei det i første halvår, samanlikna med første halvår i fjor.

Publisert: 28.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01