Turisme gir milliardar til kommunane
TURISME: Sysselsetjinga i reiselivet er på 160.000 årsverk, viser ny rapport. Her frå eitt av utsiktspunkta ved Trollstigen.
Nytt

Turisme gir milliardar til kommunane

Reiselivet gir kommunane i Noreg 4,3 milliardar kroner i skatteinntekter, tre gonger så mykje som frå sjømatnæringa, viser reknestykke som Menon Economics har laga for NHO Reiseliv.

14.08.2018
NPK: Personskatteinntektene frå reiselivet er òg større enn frå heile prosessindustrien, som Menon anslår gir 3,5 milliardar kroner.
Skatten frå sjømatnæringa utgjer 1,6 milliardar kroner, ifølgje , som vart presentert i Arendal tysdag.
– Det som kjenneteiknar mange industribedrifter, er at dei har store overskot, høg grad av automatisering, men gjerne få tilsette. Kommunane får ikkje overskotsskatten frå desse bedriftene – den går rett til staten.
- Det kommunane får, er skatten frå dei som jobbar i bedriftene, forklarer NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.
– Det betyr at viss kommunane vil ha fleire og betre skular, eldreomsorg og barnehagar, må ordføraren satse på dei næringane som har mange tilsette, som reiselivet, seier ho.

160.000 årsverk

Sysselsetjinga i reiselivet er i dag på 160.000 årsverk, som er meir enn i oljeboring, fiskeoppdrett og landbruk til saman.
Innanfor overnatting og servering har sysselsetjinga vakse med 30 prosent dei siste ti åra.
I både 2016 og 2017 var det berre bygg og anlegg som hadde like stor vekst i sysselsetjinga som reiselivet her til lands.

Publisert: 14.08.2018 18:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25