Tungt halvaar for Golden Energy Offshore
TUNGT: Koronaepidemien har hatt ein "øydeleggande" verknad på økonomien i til selskapet skriv styret i Golden Energy Offshore Services. Per Ivar Fagervoll er dagleg leiar og styremedlem. Han deltok med 1,2 millionar kroner i kapitalutvidinga i sommar.
Nytt

Tungt halvår for Golden Energy Offshore

Tre av fire skip i opplag i store deler av tida gjorde første halvår til ei tung periode.

01.10.2020

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund henta i sommar inn 10,3 millionar kroner i ny eigenkapital for å kunne betale avdrag på to av skipa, Energy Empress og Energy Duchess.

Les også: Fekk inn 10,3 millionar

Kapitalutvidinga sikra drifta for resten av året, men det kan bli behov for meir.

Både i årsrapporten for 2019 og i halvårsrapporten for første halvår 2020 skriv styret at det kan bli naudsynt å fylle på med ny kapital neste år, når neste avdrag skal betalast. Den kapitalen må kome enten frå sal av skip eller ved at dagens og/eller nye investorar skyt inn ny eigenkapital.

Les børsmelding her

Første halvår enda med eit underskot før skatt på 64,1 millionar kroner (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida). I starten av året var det teikn til betring i marknaden, men den verdsomspennande koronaepidemien hadde ein "øydeleggande" verknad på økonomien til selskapet, skriv styret i halvårsrapporten.

Publisert: 01.10.2020 09:56

Sist oppdatert: 30.05.2021 23:45