Trur paa oppsving for skipsverfta
SPÅMENN: Sjefstrateg Peter Hermanrud i Sparebank 1 Markets (t.h.) meiner aksjemarknaden nærmar seg ein større korreksjon, men ser betre tider framover for offshore, rigg og verft. Her i samtale med sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre. Bak Stig Brautaset i samtale med Kjell Brudevoll.
Nytt

Trur på oppsving for skipsverfta

Peter Hermanrud meiner at det skal byggjast mange skip framover, til høgare prisar, men åtvarar mot at det nærmar seg ein korreksjon i aksjemarknaden.

23.01.2018
Sjefsstrategen i Sparebank 1 Markets kom med mange optimistiske spådomar under eit møte i Fosnavaag Shippingklubb. For dei som er inne på verftssida, var han spesielt optimistisk.
Han viste til at innanfor shipping har bestillingstakta av nye skip nesten stoppa opp. Medan det på det meste vart bestilt 30 prosent nye skip i forhold til eksisterande flåte, var nybyggingsraten siste åra nede på 1,5 prosent av flåten.
- Dette er det lavaste nivået sidan vi starta slike målingar på 90-talet, fastslo han.

- Eigentleg heilt vilt

Samstundes viste han til at stålprisen hadde dobla seg siste to åra, utan at dette hadde ført til prisauke på nybyggingskontraktane.
- Dette er eigentleg heilt vilt, sa han.
No såg derimot Hermanrud fleire teikn på at nybyggingsaktiviteten var på veg opp att.
- Med fleire kontraheringar, vil også prisen på nybygg stige, fastslo han.

- Fantastisk kontantstraum

Han meinte også at det nærma seg eit rally innanfor offshore og rigg, og viste spesielt til at oljeselskapa i fjor hadde den beste kontantstraumen sidan 2011, og no har pengar til å gjere store investeringar.
- Sjølv med ein oljepris på 70 dollar fatet er det fantastisk god kontantstraum i oljeselskapa.
- Eg kjenner minst 1000 menneske med peiling som alle meiner at vi no treng å finne meir olje, og at det no vil løne seg å investere i offshore og rigg.

Riggopptur

For rigg sin del, meinte han at den store oppturen ville kome rundt eit år etter at oljeprisen snudde oppover.
- No har dette gått seks månader, og vi ser at aktiviteten gradvis er på veg oppover.
- Akkurat no er 109 riggar i arbeid, mot 250 på det meste. Snart vil vi få stor etterspørsel etter riggar.

- Sjå på Bitcoin

For alle som er inne i aksjemarknaden, kom han med fleire åtvaringar, sjølv om alle indikatorar tilseier at oppturen vil vare eitt til to år til.
- Vi nærmar oss ein kraftig korreksjon. Eg synst eg kjenner igjen faresignala. Berre sjå på Bitcoin, sa Hermanrud.
Han viste til at det normalt var ein 10 prosents korreksjon i aksjemarknaden kvart femte år, men at det no hadde gått mykje lenger sidan siste justering.
Han frykta at når det no først small, ville ein risikere ein korreksjon på heile 50 prosent.

Spår indeksen over 1000

Hovudindeksen på Oslo Børs ligg no på rundt 840 poeng. Hermanrud spådde at indeksen ville bikke 1000 før nedturen kom.
- Det nærmar seg eit fall, men så langt går det for godt til at det skjer alt no.
- Aksjemarknaden har eit sterkt momentum, og det ser lyst ut, men ein må hugse på at ikkje noko tre veks inn i himmelen.
Som vinnaraksjar framover trekte han spesielt fram Golden Ocean, Subsea 7, Yara og rigg-aksjar.
Vi nærmar oss ein kraftig korreksjon. Eg synst eg kjenner igjen faresignala. Berre sjå på bitcoin

Publisert: 23.01.2018 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17