Trur paa oppsving for seien
ÅLESUND: Sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen i Norges Sjømatråd trur at fleire ønsker å kjøpe norsk sei.
Nytt

Trur på oppsving for seien

Hittil har det vore mykje fokus på torsk og hyse. No trur sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen at seien kjem etter.

11.01.2019
- Heil fryst sei kostar i dag berre ein tredjedel av det heil fryst torsk og hyse kostar.
- Vi ser aukande interesse for sei i vidareforedlingsmarknadene, sa Pettersen under Ombordfrystkonferansen i Ålesund.
Pettersen viste til at det fanst eitt unntak for seien.
- Det unntaket er Storbritannia, som ikkje er ein seimarknad.
- Men i Storbritannia ser vi no at hyse aukar, medan torsk går litt tilbake.

Fiskerekord

Norske fiskefartøy fanga mindre torsk i fjor, men høgare prisar bidrog til at fisken dei leverte frå seg hadde rekordhøg verdi.
Trass ein nedgang i fangsten av torsk på 10 prosent og hyse på 18 prosent, vart det landa torsk og torskearta fisk for 10 millardar kroner i fjor.
Samla kvitfiskeksport var på 15,5 milliardar kroner, opp 4 prosent frå året før.

Stabile filetprisar

Pettersen, som er analytikar i Norges Sjømatråd, fastslo at fjorårets prisvinnar var fryst heil torsk, med ein prisauke på 15 prosent.
- Derimot auka filetprisen berre med 2 prosent, noko som skuldast at fileteksporten auka betydeleg i fjor.
Ho trudde den høge prisen på torskeprodukt ville halde fram, også på grunn av reduserte kvoter i Norge.
Men ho meinte at det fanst usikkerheitsmoment.
- Vi ser at kvotene på Island aukar. I tillegg veit vi ikkje kva som skjer med kroneutviklinga og konsekvensane av Brexit.

Publisert: 11.01.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30