Trur paa nye kontraktar i aar
VESTNES: Nytt plussår for Halvard Aas og Aas Mek Verksted.
Nytt

Trur på nye kontraktar i år

Aas Mek Verksted har sju nybygg i ordreboka, men trur på fleire kontraktar alt i år.

18.07.2019
Det skriv styret i årsrapporten.
Der går det fram at etterspørselen etter nybygg har auka betydeleg det siste året, og at ein arbeider med fleire prosjekt for levering i 2021 eller seinare.
Frå før har ein sju brønnbåtar i ordreboka, der samtlege skal leverast innan tredje kvartal 2021.

Solide resultat

Vestnes-selskapet er av dei mest lønsame skipsverfta i Norge. Ikkje sidan 2008 har selskapet gått i minus, då med 1,8 millionar kroner.
Etterpå har resultat før skatt variert frå 22 millionar kroner til rekordåret 2017 med 113 millionar.
2018 vart eit svakare år resultatmessig, men likevel gjekk selskapet med 7,3 millionar kroner i pluss.
Men denne gongen vert det ikkje utbetalt utbyte til eigarane, etter at det vart betalt ut 32 millionar kroner i fjor.

Familieeigd

Største aksjonærar er Frode Johan og Hans Inge Aas, kvar med 33,3 prosent.
Halvard Aas eig 11,2 prosent, medan Bjørn Magne Aas og Kim Andre Kirksæther Aas kvar eig 11,0 prosent.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 75, 8 millionar kroner, og ei langsiktig fgjeld på 42,1 millionar.
Gjennomsnittleg antal årsverk i fjor var 55.

Publisert: 18.07.2019 17:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37