- Slik det ser ut til no, treng vi ikkje å gjere nye kutt om vi beheld dagens flåte.
Det Herøy-baserte selskapet har sagt opp seks i administrasjonen på Mjølstaneset, slik at det er tilbake 29 tilsette.
- Det har vore triste og tunge prosessar. No håpar vi at vi slepp meir.
I motsetning til mange andre offshorereiarlag, slit ikkje Bourbon Offshore Norway med obligasjonslån som skal innfriast.
- Vi har ordinære banklån, og slik det ligg an no klarer vi å betale både renter og avdrag, slik vi skal.
No har selskapet att berre to eigne båtar i Nordsjøen.
- I utfordrande tider som i dag ser vi at vi dreg nytte av å vere ein del av eit større globalt konsern. Sjølv om administrasjonen er lokalisert rundt Nordsjøen opererer vi båtar i alle verdshjørne.
- Nordsjøen som marknad er utsett konkurransemessig. Dette har ikkje skjedd over natta. Dette har vi sett lenge og det er utfordrande å forsvare å ha båtar her når det er økonomisk langt meir gunstig å drive båtane ute i verda.
- Dette er spørsmål vi har fått heilt sidan Bourbon kom inn i 2003. Men vi er her enno, og det er ingen signal frå styret om at vi ikkje skal fortsette å vere her.
- Sjølv om aktiviteten i Nordsjøen no er dalande, er kompetansen her framleis. Det er den vi skal leve av i framtida.
Etter at PSV-en Bourbon Rainbow nyleg fekk oppdrag, har selskapet berre att MPSV-en Bourbon Opale i opplag. Skipet ligg i Curacau utanfor Venezuela.
- No har vi ikkje att skip som opererer i spotmarknaden. Slik sett er vi heldigare stilte enn mange andre.
Berre tre skip har NOR-flagg. Det er Bourbon Mistral og Bourbon Monsoon, som begge arbeider i Nordsjøen. I tillegg har også Bourbon Sapphire NOR-flagg, som er på veg til oppdrag i Sør-Amerika.
- Vi har førebels ingen planar om å flagge om Sapphire, seier Remøy.
Remøy seier at det er ein balanse mellom kor mykje nordisk og kor mykje utanlandsk mannskap ein bør ha.
- Vi trur ikkje at oljealderen er slutt, og trur at det på nytt kjem ein opptur. Då er det viktig å ha nok mannskap tilgjengeleg, og spesielt mannskap med god kompetanse.
- Dette skuldast at ein har følgt ansiennitetsprinsippet; sist inn, først ut.
Unntaket er lærlingar og kadettar.
- Alle desse har vi behalde, seier Remøy.
- Det ser tungt ut for heile året, og vi er nøydde til å spare utgifter der vi kan.
- Men vi prøvar også å ha ein organisasjon som er klar når oppturen på nytt kjem. For det vil skje.
Det Herøy-baserte selskapet har sagt opp seks i administrasjonen på Mjølstaneset, slik at det er tilbake 29 tilsette.
Har ikkje obligasjonslån
I tillegg har over 90 sjøfolk mist jobben. Tilbake er det omlag 300 eigne tilsette.- Det har vore triste og tunge prosessar. No håpar vi at vi slepp meir.
I motsetning til mange andre offshorereiarlag, slit ikkje Bourbon Offshore Norway med obligasjonslån som skal innfriast.
- Vi har ordinære banklån, og slik det ligg an no klarer vi å betale både renter og avdrag, slik vi skal.
Lite att i Nordsjøen
Då Bourbon Offshore Norway vart starta i 2003 gjennom oppkjøpet av Havila Supply, var planen at det norske selskapet skulle sikre det franske morselskapet eit godt fotfeste i Nordsjøen, i tillegg til å vere godt posisjonert for ei satsing i nordområda.No har selskapet att berre to eigne båtar i Nordsjøen.
- I utfordrande tider som i dag ser vi at vi dreg nytte av å vere ein del av eit større globalt konsern. Sjølv om administrasjonen er lokalisert rundt Nordsjøen opererer vi båtar i alle verdshjørne.
- Nordsjøen som marknad er utsett konkurransemessig. Dette har ikkje skjedd over natta. Dette har vi sett lenge og det er utfordrande å forsvare å ha båtar her når det er økonomisk langt meir gunstig å drive båtane ute i verda.
Ingen flyttesignal
Remøy overtok som adm. dir. i Bourbon Offshore Norway i 2010. På spørsmål om dei franske eigarane vil legge ned i Norge seier Remøy;- Dette er spørsmål vi har fått heilt sidan Bourbon kom inn i 2003. Men vi er her enno, og det er ingen signal frå styret om at vi ikkje skal fortsette å vere her.
- Sjølv om aktiviteten i Nordsjøen no er dalande, er kompetansen her framleis. Det er den vi skal leve av i framtida.
Eitt skip i opplag
Likevel er det no ei mindre utgåve av selskapet ein ser. På det meste hadde ein frå basen på Mjølstaneset ansvaret for over tjue skip. No har ein 14 tilbake, fordelt på tre ankerhandterar, åtte PSV-ar og tre subseaskip.Etter at PSV-en Bourbon Rainbow nyleg fekk oppdrag, har selskapet berre att MPSV-en Bourbon Opale i opplag. Skipet ligg i Curacau utanfor Venezuela.
- No har vi ikkje att skip som opererer i spotmarknaden. Slik sett er vi heldigare stilte enn mange andre.
Stor utflagging
Selskapet har flagga om fleire av skipa. Åtte skip har Bahamas-flagg, to har NIS-flagg og eitt har maltesisk flagg.Berre tre skip har NOR-flagg. Det er Bourbon Mistral og Bourbon Monsoon, som begge arbeider i Nordsjøen. I tillegg har også Bourbon Sapphire NOR-flagg, som er på veg til oppdrag i Sør-Amerika.
- Vi har førebels ingen planar om å flagge om Sapphire, seier Remøy.
Uroleg for kompetansen
Han seier at omflaggingane er utførde for å spare mannskapsutgifter, og ein har dermed måtta erstatte norsk og anna nordisk mannskap med sjøfolk frå andre og rimelegare land.Remøy seier at det er ein balanse mellom kor mykje nordisk og kor mykje utanlandsk mannskap ein bør ha.
- Vi trur ikkje at oljealderen er slutt, og trur at det på nytt kjem ein opptur. Då er det viktig å ha nok mannskap tilgjengeleg, og spesielt mannskap med god kompetanse.
Mange unge har mist jobben
Han er uroleg for at mange unge offshoretilsette har mist arbeidet i dei nedbemanningsrundene som har vore.- Dette skuldast at ein har følgt ansiennitetsprinsippet; sist inn, først ut.
Unntaket er lærlingar og kadettar.
- Alle desse har vi behalde, seier Remøy.
Vil liggje på vêret
Han seier at 2016 i stor grad vil handle om å liggje på vêret og vente på betre tider.- Det ser tungt ut for heile året, og vi er nøydde til å spare utgifter der vi kan.
- Men vi prøvar også å ha ein organisasjon som er klar når oppturen på nytt kjem. For det vil skje.
Vi trur ikkje at oljealderen er slutt, og trur at det på nytt kjem ein opptur
Publisert: 25.01.2016 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52