Trur paa meir konsolidering hos bilforhandlarane
KINESISKE BILAR: I fjerde kvartal kan dei kinesiske bilmerka Hongqi og Bestune vere på plass hos Oscar Rørhuus i Motor Forum Ålesund. Då vil selskapet vere forhandlar av fem bilmerke.
Nytt

Trur på meir konsolidering hos bilforhandlarane

Når den siste Opelen trillar ut av Motor Forum Ålesund i vår kan det ta berre nokre månader før to nye bilmerke er på plass. Frå Kina.

17.01.2020
Medrekna Opel forhandlar dagleg leiar Oscar Rørhuus i Motor Forum Ålesund i dag fire bilmerke. Etter at Opel forsvinn kan det bli fem, dei to kinesiske bilmerka Hongqi og Bestune, i tillegg til Mitsubishi, Renault og Dacia.
Då NETT NO kom på lufta november 2013 var melodien i bilbransjen at bilprodusentane helst ville ha eitt bygg for kvart merke. No har pila svinga mot å samle fleire merke i same butikk.
- I dag er det som i alle bransjar, skal du drive ein sunn butikk må du ha ein viss størrelse, seier Rørhuus. Tida for eitt-merke-bilforhandlaren er over, etter hans vurdering.

Oppsagt etter eigarskifte

Avtalen om å vere Opel-forhandlar blei sagt opp for to år sida, etter at GM selde Opel til PSA Group, som og eig Peugeot og Citröen. Det førte til ei omfattande sanering av forhandlarnettet for Opel, som mellom anna også omfatta Motor Forum Ålesund.
No blir det Bertel O. Steen som blir ny Opelforhandlar i Ålesund.

Etter eigarskiftet i Opel vart Bertel O. Steen ny Opel-importør til Noreg.
I Ørsta held Bil og Gummiservice fram som Opel-forhandlar sjølv om Bertel O. Steen er etablert også i Ørsta/Volda-området.

Tungt å selje

Opel har vore det minste merket til Motor Forum Ålesund og Rørhuus seier det har vore utfordrande å vere Opel-forhandlar dei siste 15 åra. Ålesund har vore ein av tre forhandlarar som er eigd av Motor Gruppen som har forhandla Opel i tillegg til Misubishi og Renault, og Rørhuus er ikkje sikker på om Motor Gruppen - som er importør av Mitsubishi - ville vald å halde fram med Opel dersom dei fekk høve.
Samtalane mellom Motor Gruppen og dei kinesiske bilprodusentane er i ein sluttfase, og endar det i ein avtale som gjer Motor Gruppen til importør kan bilane vere på plass butikken i fjerde kvartal i år.

Publisert: 17.01.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50