Trur paa kraftig offshorerekyl
OFFSHORE: Stig Remøy er sikker på at oljeprisen på nytt vil stige, og gir ikkje opp satsinga på offshore.
Nytt

Trur på kraftig offshorerekyl

- Til lavare oljeprisen går no, til større vert rekylen. Bildet er langt frå svart på litt sikt.

06.08.2015
Dette seier Olympic-direktør Stig Remøy etter at holdingselskapet onsdag la fram svært gode tal for 2014.

Remøy viser til at Kina, USA, Tyskland og fleire andre land skal kutte kolforbruket dramatisk, opp mot 50 % på relativt kort tid.

Store kolkutt

Sjølv om ein planlegg å erstatte kol med grønare energikjelder, er Remøy overbevist om at i realiteten vil kol i stor grad verte erstatta av olje og gass.
- I dag er verdas energiforbruk av kol på 30 % medan den fornybare energien står for 2 %.
- Det er kun olje og gass som kan erstatte det enorme kuttet av kol, seier han.

Verda treng olje og gass

Remøy viser også til at verdas befolkning veks med 70-80 millionar i året, og der vi vil ha ein ny milliard innan tolv år.
- Det framtidige energibehovet vert enormt, og vi kjem ikkje utanom olje og gass for å skaffe den energien verda treng.
- Difor meiner vi også at det kraftige fallet i oljeprisen vil gå over.
Olympic-konsernet hadde i 2014 1,6 milliardar av dei samla inntektene på to milliardar kroner frå offshore. 359 millionar stamma frå fiskeri.

Trur på store og avanserte skip

Av driftsresultatet på 703 millionar kroner stammar mykje frå offshore-delen.
- Vi er godt fornøgde med offshoreresultatet i 2014. Bildet er ikkje så svart som enkelte vil ha det til, seier Remøy.
Han meiner at det i framtida vert større behov for spesialiserte og avanserte skip.
- På dei enklare skipa vil vi oppleve stor konkurranse frå mange aktørar. Difor har vi satsa på store og avanserte skip for krevjande operasjonar.

Statlege spesialoppdrag

Olympic-skipet Olympic Canyon var nyleg med å finne eit sakna indisk fly på 1000 meter djupne i Bengalbukta.

Dette oppdraget var for den indiske staten.
Stig Remøy seier at selskapet har to til skip på andre spesialoppdrag for nasjonale styresmakter.
- Vi har underteikna konfidensialitetserklæring, og kan ikkje seie noko meir før nasjonale styresmakter opnar for at vi kan gjere det.

Fleire norske sjøfolk

Remøy seier at det finst ein marknad innanfor spesialoppdrag for dei avanserte skipa. Han opplyser at på fleire av desse skipa er det i stor grad norske sjøfolk.
- Vi har auka med norske sjøfolk i løpet av året, og for krevjande operasjonar på avanserte skip vil norske sjøfolk vere å føretrekke.
Remøy vil ikkje spå når olje- og offshorenedturen er over.
- På kort sikt vert det heilt klart krevjande, men sjølv i dag finst det mulegheiter. Det gjeld å finne dei og gripe dei.
Ifølgje Westshore har Olympic no fem ankerhandterar som ventar på oppdrag.
Det er Hera, Pegasus, Hercules, Octopus og Poseidon. I tillegg ligg PSV-en Progress på Remøya.

På kort sikt vert det heilt klart krevjande, men sjølv i dag finst det mulegheiter

Publisert: 06.08.2015 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45