Trur paa gjennomslag for lokalmat app
LOKALMAT: Børre Waagan og Tor Kristian Stevik reknar med at 30 lokalmatprodusentar har knytt seg til Bazeat før jul.
Nytt

Trur på gjennomslag for lokalmat-app

Dei satsar først på å lukkast i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Deretter skal løysinga ut i resten av Norge, og endå lenger.

20.10.2018
- Mange har vore skeptiske, og det har ikkje vore lett å få støtte, men no er vi komne eit godt stykke på veg.
- Dei som har tatt lølysinga i bruk, er svært positive.
Det seier gründer Børre Waagan i Bazeat, som gjennom ein app vil knyte saman folk og lokalmatprodusentar.

Ervik-styrt

Han har no alliert seg med Tor Kristian Stevik og Ali Fetouni i Ervik-baserte Creeact, som står føre teknologiutviklinga.
- Den vidare satsinga skjer frå Ervika. Dette er noko vi har verkeleg tru på, seier Stevik.
Målet er at lokalmatprodusentar skal få varene ut til eit større publikum, samstundes som dei som vil ha produkta, får dei på ein lettvint måte.
Via appen vil ein til eikvar tid ha informasjon om ulike lokalmatprodusentar, vareutval og prisar.

Logistikk

I tillegg vert det jobba med ulike logistikkløysingar.
- Der ser vi på felire ulike modellar, seier Waagan.
I Sogn og Fjordane har ein etablert samarbeid med eit transportselskap.
- Men dette kan også løysast på andre måtar, til dømes ved samarbeid mellom personar eller ved at ein sjølv hentar produkta.
- Med hjelp av appen er tanken at ein skal få presentert ulike modellar, og så kan folk velje sjølve.

Gode erfaringar

Han fortel om gode erfaringar med dei som har tatt i bruk løysinga.
- Blant anna har vi knytt Smak av Sogn og Fretheim hotel saman.
- Før vår løysing hadde dei ikkje noko samarbeid.
Hittil har 12 lokalmatprodusentar knytt seg til Bazeat.
- Før jul satsar vi på å vere minst 30. Det skal vi klare, seier Waagan og Stevik.

Publisert: 20.10.2018 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27