Trur paa ei god pakke for maritim industri
VANYLVEN: Stortingsrepresentant Solveig Schytz (V) steppa inn for næringsministeren under eit besøk med Vanylven-ordførar Lena Landsverk på Fiskåholmen denne veka. 
Nytt

Trur på ei «god pakke» for maritim industri

Venstre-topp meiner det allereie ligg mykje bra for bransjen i forslaget til statsbudsjett - men at det vil kome endringar i Stortinget. 

Marius Rosbach
28.10.2020
Stortingsrepresentant Solveig Schytz (V) var måndag på Sunnmøre, der ho mellom anna .
Eigentleg skulle næringsministeren ta turen, men måtte melde forfall. I fråveret at statsråden spurte NETT NO kva Schytz trur partiet kan vere villige til å gi i forhandlingar med opposisjonen når det kjem til meir krisehjelp til den maritime bransjen.
– No skal regjeringa forhandle med Framstegspartiet om statsbudsjettet, og der vil det openbert kom fleire krav. Eg er trygg på at vi skal få til ei pakke som er bra for maritim sektor, svarar ho til NETT NO.

Frp, Ap og Sp mot nettolønnsendring

– Når regjeringa arbeider med sitt forslag til statsbudsjett så er det hard dragkamp om pengane. Framlegget til statsbudsjett for 2021 er på mange måtar eit spesielt budsjett, som er prega av situasjonen vi er i, men vi meiner regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er godt, seier ho.
Ho viser til rekka med tiltak som regjeringa viste til . NETT NO har omtala tidlegare at ein del av tiltaka allereie , og den maritime industrien ga budsjettforslaget ei lunken mottaking.
Eitt av krava Frp har vore tydelege på – saman med Ap og Sp – er at dei ikkje ønsker endringa regjeringa har foreslått i nettolønsordninga.
– No skal det forskal det forhandlast i Stortinget og da vil det komme endringar legg Schytz til.

Miljøkrav blir konkurransefortrinn

Venstre-politikaren påpeiker at ho meiner den maritime bransjen er viktig, spesielt for regionen, men også for utviklinga av næringslivet nasjonalt.
– Dei har allereie ei leiarrolle i i omstilling av maritim sektor og skipsfart, og den må vi utvikle vidare, seier ho.
Under besøket hos Prodtex fekk ho stadfesta at verkemiddelet med at det offentlege stiller miljøkrav, slår direkte ut for bedriftene.
– Det har vi høyrt fleire seie, og i dag fekk vi høyre at det skapte eit direkte konkurransefortrinn for ei bedrift som Prodtex, fortel ho.
«Brufabrikken» deira på i ferd med å ta form på Fiskåholmen og produksjonen startar opp i løpet av få veker.

Mange forslag frå næringa

Den maritime næringa har lagt på bordet ei rekke forslag til korleis politikarane kan hjelpe dei over kneika.
Mellom dei har vore alt frå ein variant av kompensasjonsordninga, utvida støtteordningar for å bygge om skip til lågutslepp og framskunding av nye minesveiparar – som .
Eit skatteforslag var mellom dei Sp-leiar Trygve Slagsvold under sitt besøk hos Vard i Vestnes. Det inneber at til dømes verfta kan forskottere skattefordelen dei uansett får ved tidlegare underskott.
Næringsministeren har gitt uttrykk for at ho vil sjå korleis krisetiltaka som no er sett i verk, . Seinare i haust er det også venta at regjeringa kjem med ei Stortingsmelding om maritim næring.

Les også:





Analyse:




Publisert: 28.10.2020 13:17

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:27