Trur paa bru innan 10 aar
VELEIGNA: Både sjøbotn og landareal er veleigna for å byggje bru her, meiner ingeniørane. Illustrasjonen viser ei skråkabel-bru på totalt 1840 meter frå Rugsundøy (til høgre) i Bremanger til Biskjelneset i Vågsøy.
Nytt

Trur på bru innan 10 år

Bru over ytre Nordfjord vil koste 2,5 milliardar kroner. Dei 200 millionane som statsministeren lovde i valkampen vil vere ein god start. 

Ivar Myklebust Longvastøl
10.03.2014
Statssekretær John Ragnar Aarset i Samferdsledepartementet kjem på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre komande helg. Då ventar prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad signal om korleis 200 millionar kroner som Erna Solberg lovde til kystvegen Måløy-Florø skal realiserast.

Store forventningar

- Denne lovnaden vil vi sjølvsagt bruke for alt den er verd. Vi har store forventningar. Dette må dei innfri, seier Paulsen Humborstad, prosjektleiar for kystvegen, også omtalt som "45 minutts regionen".

Kostar 2,5 mrd.

I førre veke presenterte rådgjevingsselskapet Aas-Jakobsen AS, i samarbeid med ingeniør Ragnar Hagen frå Måløy, tre alternativ for kryssing av fjorden frå Rugsundøy i Bremanger til Biskjelneset i Vågsøy. Prislappen er sett til knapt 2,5 milliardar kroner og er om lag den same for alle alternativa (sjå faktaboks).
- Kort avstand til tilknytingsveg på begge sider og gode fundamenteringsforhold både i fjorden og på land, gjer at det ligg godt til rette for bru, konkluderer ingeniørane.

Meir optimistisk

- Kva tenkte du då du såg bruplanane?
- Eg vart meir optimistisk, særleg fordi det ligg så godt til rette for å byggje bru her, seier Paulsen Humborstad.
- Kor mange år vil det gå før brua står der?
- Vi bør klare det innan 10 år.

50.000 personar

Føremålet med kystvegen er å korte ned reisetida mellom Måløy, Svelgen, Florø og Førde og skape ein større bu- og arbeidsmarknad.
- Vegen vil knyte saman eit område med 50.000 innbyggjarar. I dag er det nesten to timars reisetid mellom Måløy og Florø, og då er ein avhengig av å rekke ei ferje som går sjeldan (Måløy-Oldeide, red. merknad). Med bru vert reisetida 45 minutt kortare, og det same gjeld vidare til sjukehus og andre servicetilbod i Førde, seier prosjektleiar Paulsen Humborstad.

Bergen-Ålesund

Kystvegen Måløy-Florø er ein del av ein større plan om å utbetre og byggje nye vegar og bruer heilt frå Bergen til Ålesund.
I Sogn og Fjordane skjedde den store feilen - etter kystkommunane si meining - då tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth (Ap) frå Førde bestemte at kyststamvegen E39 skulle ta ein stor sving innom heimbyen hans og vidare innover bondelandet i Jølster og Gloppen. Dermed vart kysten taparen, og særleg Flora, Bremanger og Vågsøy har mobilisert for å rette opp dette.
Dei tre kommunane står bak Kystvegen Måløy-Florø AS, og ordførarane Morten Hagen (H), Bengt Solheim-Olsen (H) og Karl Vidar Førde (Sp) sit alle i styret for selskapet.

Fanesak for Høgre

For Sogn og Fjordane Høgre var realisering av kystvegen ei fanesak i valkampen, fronta av toppkandidatane Bjørn Lødemel og Bjørn Hollevik, sistnemnde frå Florø.
No ventar prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad på signal om korleis partiets lovnad om 200 millionar skal konkretiserast. Ho ventar at det vil skje på Høgres fylkesårsmøte i Kalvåg komande laurdag og søndag, der både "45 minutts regionen" og Stad Skipstunnel står på saklista.

Kom opp på lista

Prosjektleiar Paulsen Humborstad trekkjer fram at Sogn og Fjordane fylkesting gjorde eit viktig vedtak i desember, då politikarane sette tunnel mellom Svelgen og Indrehus (på strekninga Svelgen-Florø, red. merknad) på topp på den såkalla marginallista i Regional Transportplan for fylket. Den ønska tunnelen har ein prislapp på 600 millionar kroner.
Brua over ytre Nordfjord står på fjerdeplass på denne lista. Dette er som namnet fortel ei B-liste (Olden-Innvik står på topp på hovudlista), men er likevel eit viktig signal frå fylkestinget, meiner Paulsen Humborstad.

Reknar med bompengar

Strekninga Måløy-Florø er fylkesveg og vil trenge pengar frå staten om den skal ha sjanse til å bli realisert. Fylkeskommunale midlar, bompengar, ferjeavløysingsmidlar og momskompensasjon vil truleg gå inn i reknestykket, seier prosjektleiaren.
- Bru vil avløyse to ferjestrekningar, Oldeide-Måløy og Stårheim-Isane. Med til saman 30 millionar kroner i ferjeavløysingsmidlar årleg, vil det bli mykje pengar over 30 år. Vi jobbar no med ein finansieringsanalyse som kjem i løpet av våren, og då vil vi vite meir, seier prosjektleiaren.

- Må vere tolmodige

Då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var gjest på fylkesårsmøtet til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane i januar, sa han at, og at det er framdrifta av E39 som gjeld no.
Solvik-Olsen sa også at tekniske løysingar, kostnader og traséval for kystvegen må utgreiast.
Denne lovnaden vil vi sjølvsagt bruke for alt den er verd. Vi har store forventningar

Publisert: 10.03.2014 14:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31