Trur beitande hummar vil gi nye arbeidsplassar
HUMMARBEITE: Øya Sjømat AS på Harøya vil starte havbeite med klekkeri og sette ut lokal hummar. Om dei lukkast, betyr det nye arbeidsplassar på land og til sjøs. 
Nytt

Trur beitande hummar vil gi nye arbeidsplassar

Harøya-selskap meiner ideen passar perfekt inn i visjonen om å satse på havet. No står det att å sjå om dei får konsesjon.

Marius Rosbach
09.08.2020

Ved å fiske 10.000 hummar årleg i havområdet utanfor Harøya i Ålesund kommune, håpar Øya Sjømat og dra i gong ei ny næring.

– Havbeite for hummar er ingen ny idé og det har vore mykje prøving og feiling gjennom mange år. Men vi meiner at med dagens metodar kan ein få denne næringa opp og gå, fortel dagleg leiar Jan Kåre Brunvoll til NETT NO.

Dei ønskjer at havbeitesatsinga også skal sikre driftsgrunnlaget for lokale fiskarar, og selskapet meiner fangst i eit slikt omfang vil gi sesongarbeid til minst seks båtar.

Målet er deretter å få på plass eit anlegg på land med fleire arbeidsplassar.

I løpet av kort tid til truleg fylkeskommunen i Møre og Romsdal avgjere om selskapet får konsesjon til å starte opp – eller ikkje.

– Vi håpar å ha eit svar i løpet av nær framtid, seier han.

Snart fire år sidan første søknad

Det har allereie vore ein betydeleg seglas for å komme dit hummarsatsinga er i dag.

No er det snart fire år sidan Øya Sjømat første gong sende inn søknad til dåverande Sandøy kommune om å få løyve til å sette i gong med ideen som dei meiner både er berekraftig og har potensial for vekst.

Å få avklart forholdet til eit planlagd vindkraftprosjekt, har berre vore ein av utfordringane undervegs. Brunvoll fortel at dei har laga fleire enn 4000 dokument om prosjektet, og mykje av informasjonen har dei samla på til selskap.

– Det som kanskje har teke mest tid er å bli samde med utbyggjarane av Havsul 1 og arealplanar i kommunen, fortel han.

Selskapet som har konsesjon til å bygge ut Havsul 1, har no stadfesta at det ikkje er konflikt mellom hummar på beite og deira vindpark.

Setter ut lokal yngel

– Vi skal starte med eit avgrensa tal med hummar. Vi fangar hummar frå det same området dei skal beite i, og hjelper dei til å klekke ut yngel på land, fortel han.

I første omgang vil klekkinga skje i ein enkel konteinar.

– Ein treng ikkje stor plass og dette vil vere eit mobil klekkeri. Yngelen blir sett tilbake i det same område. Vi er også forplikta til å sette ut yngel utanfor området frå rognhummar vi haustar, legg han til.

Om dei startar med 100 hummar vil dei tidlegast etter fire år rekne med å hauste første gong. Då vil det vere sett ut 100.000 småhummar frå rognkorna til desse.

Basert på reknar dei med at minst éin av ti overlever. Slik kjem ein opp i anslaget med ein årleg fangst på 10.000 hummar.

Ja frå kommunen - nei frå fylkesmannen

I eit om dispensasjon - som har vore behandla politisk - blir det påpeika at dei gir grønt lys for havbeite.

Fylkesmannen har innvendingar og meiner at verksemda vil vere ei ulempe for allmennheita og viser til føre-var-prinsippet i lova om naturmangfald.

Kommunen skriv på si side at dei meiner området ligg sopass langt frå land at det ikkje vil påverke privat fiske i vesentleg grad, og at dei ventar fylkeskommunen behandlar desse spørsmåla grundig.

– Vi blei veldig overraska då vi las i lokal media at fylkesmannen sår tvil om havbeite. Det ligg føre ei eige havbeiteforskrift og dette er ei ønska næring nasjonalt, påpeiker dagleg leiar Jan Kåre Brunvoll.

Vil ha auke i bestanden

Hummaren er freda store delar av året og det har i mange år vore jobba for å auke bestanden.

Øya Sjømat påpeiker at deira verksemd også vil føre til meir hummar i tilgrensande områder.

Det blir ikkje noko form for barrierar som hindrar hummaren frå å vandre ut frå beiteområdet. Og her vil det vere ope for å fiske etter vanlege reglar.

– Det ha aldri vore eit tema å tenkje slik. Men om satsinga slår feil, er det ikkje noko naturinngrep eller anna som må ryddast opp i. Då vil i tilfelle området opnast opp igjen – med mykje yngel til glede for alle, avsluttar Brunvoll.

Vi meiner at med dagens metodar kan ein få denne næringa opp og gå

Publisert: 09.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 16.04.2021 19:44

Mer om