- Mange bedriftsleiarar visste ikkje så mykje om Paris-avtalen før Trump varsla at USA skulle trekke seg ut. No veit alle i USA om Paris og klimamåla, takka vere Trump, seier Helen Clarkson til NETT NO.
Ho har tidlegare jobba for Forum of the Future, og leia arbeidet med å løyse store berekraftutfordringar for store amerikanske selskap som Walmart, Nike og Levi & Strauss.
Ho viser til at Trump har sagt at han vil gjere ‘coal great again’, men han slit med å få gjennomslag.
- Vi ser at stadig fleire sentrale bedriftsleiarar har vorte så provoserte av Trump og hans klimapolitikk at dei sjølve har tatt grep og sett i verk mottiiltak. Dette er veldig gledeleg, seier Clarkson til NETT NO.
Blant anna har The Climate Group fått på plass 161 avtalar med store selskap som har forplikta seg til å bruke berre fornybar energi.
- Blant anna har Google alt nådd målet.
Dei 161 selskapa hadde samla eit energiforbruk som ville gjort dei til det 23. største energiforbrukande landet i verda, mellom Egypt og Thailand.
- Dette er stort, men vi er berre i starten, seier Clarkson.
Ho seier at mange av selskapa gjer dette for å tene pengar, ikkje nødvendigvis for å redde kloden.
- Det handlar mest om ‘business’ og avkastning.
- At ein i tillegg bidreg til å redde klimaet på kloden, er ein vinn-vinn-situasjon.
Ho er også optimistisk for at ein skal klare å nå klimamåla før 2050, sjølv om Katowice-møtet vart ein liten nedtur.
- Vi må auke tempoet kraftig. Det hastar verkeleg. 2050 er ikkje lenge til.
- Men vi er optimistiske, spesielt sidan vi no ser at stadig fleire store aktørar investerer tungt i fornybar energi.
Ho har tidlegare jobba for Forum of the Future, og leia arbeidet med å løyse store berekraftutfordringar for store amerikanske selskap som Walmart, Nike og Levi & Strauss.
Trump-provokasjon
No er Clarkson direktør for The Climate Group. Organisasjonen har kontor i London, New York og Dehli, og jobbar tett med regjeringar og selskap for å motivere til forpliktande handlingar for å stoppe klimagassutsleppa og hindre ytterlegare global temperaturauke.Ho viser til at Trump har sagt at han vil gjere ‘coal great again’, men han slit med å få gjennomslag.
- Vi ser at stadig fleire sentrale bedriftsleiarar har vorte så provoserte av Trump og hans klimapolitikk at dei sjølve har tatt grep og sett i verk mottiiltak. Dette er veldig gledeleg, seier Clarkson til NETT NO.
161 store nullutsleppsavtalar
Under Enovakonferansen i Trondheim fortalde Clarkson om ei rekkje suksesshistorier.Blant anna har The Climate Group fått på plass 161 avtalar med store selskap som har forplikta seg til å bruke berre fornybar energi.
- Blant anna har Google alt nådd målet.
Dei 161 selskapa hadde samla eit energiforbruk som ville gjort dei til det 23. største energiforbrukande landet i verda, mellom Egypt og Thailand.
- Dette er stort, men vi er berre i starten, seier Clarkson.
Ho seier at mange av selskapa gjer dette for å tene pengar, ikkje nødvendigvis for å redde kloden.
- Det handlar mest om ‘business’ og avkastning.
- At ein i tillegg bidreg til å redde klimaet på kloden, er ein vinn-vinn-situasjon.
- Det hastar
Ho rosar Norge for å støtte initiativet, og trekte spesielt Norge sin satsing på vern av regnskogen i Amazonas.Ho er også optimistisk for at ein skal klare å nå klimamåla før 2050, sjølv om Katowice-møtet vart ein liten nedtur.
- Vi må auke tempoet kraftig. Det hastar verkeleg. 2050 er ikkje lenge til.
- Men vi er optimistiske, spesielt sidan vi no ser at stadig fleire store aktørar investerer tungt i fornybar energi.
Vi må auke tempoet kraftig. Det hastar verkeleg. 2050 er ikkje lenge til
Publisert: 30.01.2019 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30






