Truleg ingen Kleven avklaring onsdag
VERFTSEIGAR: Tomislav Debeljak er ved Kleven verft for å finne ei løysing med bankane. 
Nytt

Truleg ingen Kleven-avklaring onsdag

Styremøte på Kleven utsett. Konkurs einaste alternativ om ikkje bankane viker, opplyser verftseigaren.

Marius Rosbach
01.07.2020
Det blir ikkje noko styremøte ved Kleven Verft onsdag, opplyser verftseigar Div Group sin pressetalsmann i Norge, Johan Wilskow.
Det betyr at det tidlegast torsdag blir ei løsying på den fastlåste konflikten mellom eigarane og bankane.
Etter planen skulle styre ved Kleven Verft møtast onsdag, og den kroatiske eigaren Tomislav Debeljak trudde tysdag at dei ville ta ei avgjerd då. Like før klokka 13.30 onsdag kom det melding frå Wilskow at det likevel ikkje vart noko av dagens møte.
– Truleg torsdag føremiddag, er beskjeden.

Legg press på bankane

I løpet av heile onsdagen har det vore hektisk aktivitet for å finne ei løysing.
– Som vi så i går, så håpa Div Group å fatte ei avgjerd i løpet av dagen, men det ser ikkje ut til at det vil skje. Det arbeidast vidare med å sjå om det finnest løysingar for å unngå konkurs. Men det er klart at viss ikkje bankane endrar på si avgjerd om å gjenopne kontoane til Kleven Verft, så er det ikkje noko anna alternativ enn å be om oppbod, skriv Wilskow i ein e-post.

Debeljak: «Heit potet»

Konflikten mellom Kleven-eigarane i Div Group på den eine sida og bankane med Innovasjon Norge og GIEK på den andre, dreiar seg om to misleghalde lån. Forhandlingane onsdag skjer i første rekke mellom Tomislav Debeljak sine folk på Kleven og Sparebank 1 SMN på den andre sida av bordet.
Verftseigaren trekte sjølv fram den avtalen som ei «heit potet» då han møtte pressa tysdag.

Hadde sett onsdag som frist

Kleven-styret der Debeljak er styreleiar, hadde sett onsdag som siste frist for å få ei løysing på bordet, før ein ville vurdere konkurs.
– Om det er mogleg å vente med å velje konkurs som alternativ, så gjer vi det. Men vi har ikkje mykje tid, og eg trur vi vil ta avgjerda i morgon, sa Debeljak tysdag.
Han la samtidig til at det kunne gå «nokre dagar».

Meir om saka:




Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Publisert: 01.07.2020 18:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59