Trond Sandven til A Alesund med Jaguar og Land Rover
TIL ÅLESUND: Trond Sandven skal etablere Jaguar og Land Rover-forhandlar i Ålesund. Bilet viser den batteridrivne bile Jaguara skal lansere til neste haust. 
Nytt

Trond Sandven til Ålesund med Jaguar og Land Rover

Bilforhandlar Trond Sandven, med investor Trond Mohn på laget, skal etablere Jaguar- og Land Rover-forhandlar i Ålesund.

13.11.2017
To gongar har bilforhandlar Trond Sandven i Sandven Gruppen i Bergen besøkt Ålesund for å kikke på butikk- og verkstadslokale til ein Jaguar og Land Rover-forhandlar. Siste tur var for to veker sidan, saman med heile styret i selskapet.
- Vi jobbar med fleire alternativ der oppe, seier Sandven.

Ventar vekst

Når butikken opnar, og om Sandven Gruppen skal etablere seg åleine eller i kompaniskap med andre er førebels ikkje avklart.
Sandven seier både Land Rover og Jaguar er i sterk vekst. Jaguar kjem med sin første heilelektriske bil neste sommar og i løpet av tre år er målet at alle modellane til Jaguar og Landrover også skal vere elektriske eller hybridbilar - som kombinerer forbrenningsmotor og batteridrivne elmotorar.
Elektrifiseringa er ein av grunnane til at Sandven ventar ein kraftig vekst framover.

Oppsving med bruktbil

Trond Sandven gjorde seg først bemerka som importør at kostbare nyare brukbilar.
Han utvida i Bergen og etablerte seg både i Oslo og Ørsta. ()
Oslo-satsinga vart imidlertid inga gullgruve, og Sandven anslo sjølv til Bergens Tidende at den kosta han 30 millionar kroner.
Resultatet blei at Sandven trekte seg tilbake til Bergen og fekk Trond Mohn - som mellom anna er medeigar i Island Drilling og Island Offshore - og bilbransjeinvestor Nils Tronrud inn som medeigarar.

Ny vekst

No er Sandven Gruppen på ny i vekst, men denne gangen som forhandlar av to kjente britiske bilmerke, produsert og utvikla av selskapet Jaguar Land Rover med det indiske selskapet Tata Motors som eigar sidan 2008.
I fjor etablerte Porsche seg med forhandlar på Sunnmøre. Ved utgangen av september i år hadde Porsche seld 25 nye bilar på Sunnmøre i følgje tal frå Opplysningkontoret for vegtrafikken.

Publisert: 13.11.2017 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15