Trond Mohn inn i Island Offshore
ENGASJERT: Trond Mohn har markert seg som ein samfunnsinteressert gåvegivar. Her frå eit frukostmøte i tenketanken Agenda, der Mohn er støttespelar. Før jul vart han stor eigar i Island Offshore sitt obligasjonslån på 700 millionar kroner. Ei vennlegsinna investering, seier Mohn. 
Nytt

Trond Mohn inn i Island Offshore

Det var Trond Mohn som blei storeigar i obligasjonslånet til Island Offshore veslejulaftan i fjor.

12.02.2016
- Det stemmer, seier Trond Mohn.
Bergens rikaste mann brukte 94 millionar kroner på å kjøpe 19 prosent av obligasjonslånet på 700 millionar kroner i offshorereiarlaget Island Drilling i Ulsteinvik 23. desember 2015.. Han legg ikkje skjul på at Island Offshore dermed får ein vennlegsinna långivar med på laget, og at det gode tilhøvet til Island Offshore-medeigar Morten Ulstein er ein av grunnane til investeringa.
Mohn kjøpte til 71 prosent av pålydande. Klarer Island Offshore å innfri lånet fullt ut vil han få attende 133 millionar kroner.

- Eg har jo kjent Morten sidan 80-talet og betraktar han som ein venn. Ryddig, dyktig. Morten får det til, så enkelt er det, seier Mohn.
Mohn kjøpte obligasjonane gjennom investeringselskapet Meteva.

Lettare å refinansier

Lånet er på 700 millionar kroner, og forfell til betaling 5. april i år. Det blei tatt opp 5. april i 2013 og børsnotert i september same år. Lånet er usikra.
Det vennlegsinna kjøpet frå Trond Mohn kan lette arbeidet med å refinansier lånet. Dersom eit selskap vil endre på lånevilkåra, for eksempel ved å forlenge tida før lånet skal betalast attende, må eigarane av to tredjepartar av lånet samtykke. Tilsvarande kan eigarane av ein tredjepart blokkere for endring i lånevilkåra. Difor er det ein fordel å ha vennlegsinna långivarar med på laget.
Island Offshore hente i fjor haust inn hjelp for å handtere finansieringa av selskapet.

Investerte saman

Morten Ulstein-greina av Ulsteinfamilien gjekk i 2003 saman med Mohn-familien, Rieber-familien og Helge Møgster om opprette investeringsfondet Borea i Bergen, med ein startkapital på 400 millionar kroner.
I fjor haust styrte Borea-fonda rundt 1,5 milliarder kroner på vegne av formuande vestlendingar og institusjonelle investorer, i følgje Dagens Næringsliv.
Gjennom Meteva er Mohn også ein av aksjonærane og långivarane i Island Drilling Company.

Gavmild og rik

I 2014 selde Mohn-familien med Trond Mohn i spissen skipspumpekonsernet Frank Mohn til svenske Alfa Laval for 13 milliardar kroner.

Mohn, som er kjent for å vere ein stor gaveytar til forsking og idrett, varsla at han ville kome til å trappe opp gaveytingane framover.

Eg har jo kjent Morten sidan 80-talet og betraktar han som ein venn

Publisert: 12.02.2016 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53