Troll brennevin og turar paa ukjende stiar
OPPLEVINGSFESTIVALEN 2019: Frå opninga av opplevingsfestivalen i Fosnavåg denne veka. Innfelt f.v. Gro Marita Valdal, Harald Strømmegjerde og Anniken Aakvik.
Nytt

Troll, brennevin og turar på ukjende stiar

Møt tre gründarar i den veksande opplevingsbransjen.

Marius Rosbach
16.02.2019
Denne veka vart den første opplevingsfestivalen arrangert i Møre og Romsdal. Kring 100 representantar frå vidt ulike bedrifter møttest til to dagar med «networking» i Fosnavåg.
Arrangørane bak opplevingsfestivalen har som mål at Møre og Romsdal skal bli det beste opplevingsfylke i landet.

– Samarbeid er heilt vesentleg for å få til det. Ei oppleving handlar om fleire element, men ofte er ikkje desse elementa koordinert, i Møre og Romsdal fylkeskommune då festivalen opna.
Les også:
NETT NO tok ein prat med tre av deltakarane for å høyre kva dei hadde opplevd – og kva dei driv med.

På ukjende stier

Bak merkenamnet Offbeat Adventures finn vi ein person som er kjend for mange i reiselivet her i fylket frå før. Anniken Aakvik har vore vertskap på Alnes fyr for tusenvis av turistar. Tidlegare har ho også vore selskap Scandic, 62 Grader Nord og Classic Norway.
Sidan april i fjor har ho satsa på selskapet som fyller eit holrom ho har sakna: Opplevingar med låg terskel.
– Vi driv med fjellturar, sykkelturar, vandreturar eller vi går på langrenn, trugar eller renner på akebrett, forklarar Akvik.

«Join the locals»

Utgangspunktet er den meir enn 100 år gamle barndomsheimen til faren på Sjøholt. Der har familien budd i 6 eller 7 generasjonar.
– Etter at eg har fortald det, treng eg ofte ikkje seie meir, fortel ho og ler.
Grunntanken er eit konsept som går ut på at dei reisande får møte heilt vanlege folk – «join the locals» – som Aakvik seier.
– Eg har hatt folk heime på middag og mange er nysgjerrige på kva vi et, eller nokon lurer kanskje på korleis helsevesenet fungerer – eller andre ting ved kulturen vår, seier ho.

Les også:


Samarbeider med fleire

Kundane kjem gjerne via Storfjord Hotel, 62 Grader Nord og samarbeidspartnaren Iconic Norway i Vestnes.
Aakvik har også alliert seg med andre. I Geiranger og Eidsdal skal Camilla Rønneberg tilbyr turar – og på Sjøholt samarbeider ho med den heimflytta designaren Runa Klock som også er eit vandrande leksikon, ifølge Aakvik.
Nettopp samarbeid var noko av sjølve grunntanken til arrangørane av Opplevingsfestivalen i Fosnavåg. Og Marita Aakvik likte godt det ho fekk servert.
– Førsteutgåva av festivalen var veldig bra og det er ein god ide. Eg håpar det blir fleire og trefte fleire gamle kontaktar men fekk også nokre nye, seier ho.

Brennevinsnamn frå lokalhistoria

Frå Straumgjerde i Sykkylven kom Harald Strømmegjerde som også fekk nye kontaktar etter festivalen.
– Ja, eg drog med eit ope sinn og synest det var eit positivt tiltak. Det var ei god blanding av store og små aktørar og det var interessant å høyre om alt folk driv på med, seier han.
Sjølv skal Strømmegjerde lage brennevin heime på småbruket Nymarka. Namnen han har valt seg – Brennevinsgrova – kjem frå lokalhistoria.
– Når mannfolka hadde vore i Aure for å handle brukte dei stoppe på ein stad fekk namnet Brennevinsgrova. Der fekk hestane vatn og karane tok seg ein støyt brennevin som dei hadde kjøpt inne i sentrum, seier Strømmegjerde.

Les også:


Kortreiste ingrediensar

Brennevinsgründeren har planar om å lage produkt med ingrediensar henta frå Norge – og helst kortreist. Han har valt seg ut gin og akevitt i første omgang. Marknaden er heile verda.
– Eg vil hauste lokalt og importere minst mogleg, seier han.
Strømmegjerde peiker på viktig støtte frå ulike aktørar. Det lokale Hopp ID-kontoret ga støtte til studietur til Tyskland og bryggarkurs ved landbrukshøgskulen på Ås. Frå det lokale næringsfondet og Innovasjon Norge har han fått støtte til destilleriet og flisfyringsanlegget.

Fornybar bioenergi

No ventar Strømmegjerde på destilleriet som snart kjem frå Tyskland. Det skal inn i den ombygde garasjen som er produksjonsstaden.
– Eg har eit flisfyringsanlegg og brennevinet skal produserast på fornybar bioenergi. Eg nyttar meg av moglegheitene på småbruket med frukthagar og utmark, seier han.
Og grunna kontaktar knytt på opplevingsfestivalen, kjem det kanskje ein brennevinsort laga av tang og tare i framtida.
– Eg kom i kontakt med nokon på opplevingsfestivalen som driv med tang og tare. Snart skal eg få ei prøve som skal testast, seier Strømmegjerde.

Proffe troll

Gro Marita Valdal er som veteran å rekne samanlikna med dei to andre. Sidan 2010 har Trollstadtrolla – eller Trollbinding – som selskapet heiter, vore ein del av livet hennar. Konseptet er rett og slett troll til utleige og mange har truleg sett dei allereie.
– Eg sel tenester til dei som spør, til dømes næringsliv og ulike arrangement, fortel ho.
Mellom anna har trolla vore på Sommarfesten og hatt trollsafari i Åndalsnes. Flest oppdrag har det vore for Valldal Aktivitetspark – eit anna av Gro Marita Valdal sine forretningsprosjekt.
I tillegg til at ho sjølv av og til er troll på si – leiger ho gjerne inn folk med bakgrunn frå teater eller skodespel. Ho sett si ære i at det skal vere kvalitet.

Les også:


Festivalen: «Ein innertiar»

På same vis som dei andre to gründerane, fekk ho mykje ut av festivalen i Fosnavåg.
– Det var supersosialt, hyggeleg, gøy og hadde veldig bra nettverksbygging. Eg meiner det var ein innertiar, seier ho.

For berre få veker sidan hadde ho også vore på kurs med ein av dei som også bidrog under festivalen, inspiratoren Pål Knutsson Medhus.
– Då lærte eg mellom anna at ein bør tenkje dramaturgi i opplevingane ein tilbyr. Eg har jo eigentleg alltid gjort det – utan å tenkje over at det var det eg gjorde. Men det var ei lita aha-oppleving, seier Valdal.
Einaste som ho stussa over ved opplevingsfestivalen – på same vis som fleire andre – var bruken av ordet festivalen. Arrangørane sjølv påpeika også at dei hadde fått mange spørsmål om kva for eit arrangement dei eigentleg var.
– Men eg har alltid trua på at spennande ting kan skje når ein møter andre folk, seier Valdal.

Titusenvis på besøk

Kva samarbeid kan føre til, har ho erfart gjennom arbeidet med aktivitetsparken. Den starta litt tilfeldig ved at ho og Erlend Hjelme begge hadde ein liknande idé.
– Då laga vi park saman i staden for kvar vår, også vart det ei bedrift ut av det. Det er drifta av parken som har hatt mest fokus dei siste åra, med trolla er putta inn i parken, seier ho.
Parken har hatt titusenvis på besøk sidan opninga i 2014.
Eg meiner det var ein innertiar

Publisert: 16.02.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31