Trengde meir tid til aa teste Color Hybrid
LEVERT: Color Hybrid vart levert frå Ulstein verft 1. august. Med ei lengde på 160 meter er det mellom dei største fartøya levert frå verftet nokon gong. 
Nytt

Trengde meir tid til å teste Color Hybrid

No ligg prestisjeskipet i dokk i Danmark, men denne veka får dei første passasjerane segle med hybridferja. Og neste veke er det klart for dåp.

Marius Rosbach
12.08.2019
Color Line-reiarlaget har igjen vore nøydd til å skyve litt på jomfruturen for den nye bil- og passasjerferja som skal inn på Sandefjord-Strømstad-ruta.
Den siste planen var at hybridferja som , skulle ta med passasjerar på første ordinære tur sist fredag.
Førstkommande fredag 16. august klokka ti er no tidspunktet for første seglas. Då skal dei kaste loss frå Sandefjord, med retur frå Strømstad knappe fire timar seinare.
– No er vi heilt sikre på at den vil gå som den skal, med alle sertifikat og papir i orden. Første ordinære tur vert på fredag, seier reiarlaget sin kommunikasjonsdirektør Helge Otto Mathisen til NETT NO måndag.

Trengde meir testing

Reiarlaget sitt nye flaggskip kom til Larvik førre søndag for testing og klargjering. Men berre få dagars testing vart for kort tid.
– Vi opplever at skipet treng lengre tid til gjennomføring av testprogrammet, opplyste reiarlaget på sine heimesider før helga.
Måndag ligg skipet i dokk i danske Fredrikshavn, ifølgje AIS-signalet.

Les også:




Dåp neste veke

Color Hybrid som tidlegare i år vart kåra til Årets skip, har plass til 2000 passasjerar og 500 bilar. Fredag 23. august vert det dåp i Sandefjord, men Mathisen vil førebels ikkje fortelje detaljar om arrangementet.
Overleveringa av skipet er lagt merke til av nettstader fleire stader i verda. Eit google-søk viser at hendinga er omtalt på mellom anna polsk, spansk, tysk, russisk, japansk og sjølvsagt engelsk.
Førebels er det ikkje gjort offentleg bilde innvending frå skipet, men om bord vert det utvida shopping- og servicetilbod med store butikkar og tre spisestader. På bruvingen er det glasgolv slik at passasjerane kan følgje med på bølgjene og sjøen under.

Ladast på en time

Skipet har fleire nyvinningar om bord, og vil gå ut og inn frå Sandefjord nærast lydlaust og utan utslepp. Det skjer takka vere ei batteripakke på 65 tonn. I ope sjø går ferja på fossilt drivstoff.
Batteria kan ladast på ein time via en kabel frå landstrømanlegg på kaia. Skipet har også et varmereservoar som nyttar varmen frå kjølevatnet og eksosen, til oppvarming.
Skipet vart tre-fire månader forseinka i høve tidsskjemaet då avtalen vart signert. Sjølve bygginga tok til juli 2017.

Les også:



Første ordinære tur vert på fredag

Publisert: 12.08.2019 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38