- Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi håpte på at vi kunne offentleggjere ny kontrakt før sommarferien. Men det vert det dessverre ikkje noko av, seier konsernsjefen i Havyard.
Ved skipsverftet i Leirvik er ein no nede i 175 fast tilsette, rundt 100 færre enn for eitt år sidan.
Bakke seier at ein no har funne ein god størrelse på arbeidsstokken.
- Målet er å halde oss på dette nivået, men vi bør ha ein ny kontrakt i boks i løpet av august om vi ikkje må gjere nye grep.
Investeringar i nye prototyper og utsett nybygg kosta dyrt, og selskapet tapte 76 millionar kroner før skatt. I tillegg vart eit subseaskip til 700 millionar kroner til nigerianske Marine Platform kansellert.
No ser Bakke lysare på situasjonen.
- Det er hard konkurranse om kontraktane, men på litt sikt ser det ikkje så mørkt ut.
Dette er søsterskip til allereie leverte skip, og Bakke håpar på positiv søsterskips-effekt.
I april neste år skal ein levere ein brønnbåt til Norsk Fisketransport, og deretter var planen å levere eit offshoreskip til islandske Fafnir Offshore.
- Dette skipet har vorte utsett ein gong, og kan nok verte ytterlegare utsett, seier Bakke.
- Ja, for nybygg vert 2017 ein nytt tøft år, men vi håpar å lande nokre større reperasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Men også her er det beintøff konkurranse, seier Bakke.
Ved skipsverftet i Leirvik er ein no nede i 175 fast tilsette, rundt 100 færre enn for eitt år sidan.
Bakke seier at ein no har funne ein god størrelse på arbeidsstokken.
- Målet er å halde oss på dette nivået, men vi bør ha ein ny kontrakt i boks i løpet av august om vi ikkje må gjere nye grep.
Dyre prototyper
Fjoråret vart blytungt for Havyard Ship Techology, som fram til 2011 heitte Havyard Leirvik (tidlegare Kleven Leirvik).Investeringar i nye prototyper og utsett nybygg kosta dyrt, og selskapet tapte 76 millionar kroner før skatt. I tillegg vart eit subseaskip til 700 millionar kroner til nigerianske Marine Platform kansellert.
No ser Bakke lysare på situasjonen.
- Det er hard konkurranse om kontraktane, men på litt sikt ser det ikkje så mørkt ut.
Søsterskips-effekt
Selskapet skal levere tre nybygg i år, eit service vindmølleskip til danske Esvagt og to isbrytarar til russiske Femco.Dette er søsterskip til allereie leverte skip, og Bakke håpar på positiv søsterskips-effekt.
I april neste år skal ein levere ein brønnbåt til Norsk Fisketransport, og deretter var planen å levere eit offshoreskip til islandske Fafnir Offshore.
- Dette skipet har vorte utsett ein gong, og kan nok verte ytterlegare utsett, seier Bakke.
Ombygg og reperasjon
På grunn av offshorenedturen, har no verftet kasta seg inn i kampen om større reperasjons- og ombyggingsoppdrag.- Ja, for nybygg vert 2017 ein nytt tøft år, men vi håpar å lande nokre større reperasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Men også her er det beintøff konkurranse, seier Bakke.
Publisert: 27.06.2016 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58