Treng ein million nye jobbar dei neste 40 aara
ARENDAL: NHOs sjeføkonom Øystein Dørum rosar trepartsamarbeidet og den tillitsbaserte norske modellen, og meiner at dette er viktig for å skape nye og berekraftige jobbar.
Nytt

Treng ein million nye jobbar dei neste 40 åra

For å tette gapet mellom staten sine inntekter og utgifter, trengst det ein million nye jobbar. Dette vert fastslått i NHOs perspektivmelding.

15.08.2018
Minst to av tre nye jobbar må skapast i privat sektor, vert det fastslått i den omfattande rapporten som vart presentert under Arendalskonferansen onsdag.
NHOs sjeføkonom Øystein Dørum presenterte rapporten. Han peikte på fleire negative trekk, spesielt utanfor Norge.
- Brexit var ikkje bra, ei heller den proteksjonistiske politikken som Donald Trump forfektar. Norge er eit lite land som ikkje har godt av meir proteksjonisme og mindre globalisering.

Festen går mot slutten

Han viste også til eldrebølgje, klimautfordringar og at fleire fell utanfor arbeidslivet.
- Vi treng fleire i arbeid, vi må jobbe fleire år og vi må ha fleire som jobbar heiltid, sa Dørum.
Han meinte også at festen gjekk mot slutten ved at ein brukte store inntekter frå olje og gass til å finansier velferdsgoder.
- Dette er truleg historie. Framover vil utgiftene til pensjonar auka kraftig. Sjølv om oljeinntektene framover også er store, vil dei gradvis utgjere ein mindre del av dei samla inntektene.
- Å pøse på med meir pengar er ikkje berekraftig. Og til lenger vi ventar med å handle, til større vert utfordringane.

Rosar den norske modellen

Dørum frykta ikkje konsekvensane av robotisering og digitalisering.
- Nei, om robotar kan overta dei skitne og kjedelege jobbane, så er det bra. Men då er det viktig at vi brukar dei frigjorde ressursane på ein god måte.
Dørum rosa den norske demokratiske modellen, og det eineståande trepartsamarbeidet mellom partane i næringslivet.
Han meinte at det tillitsbaserte norske samfunnet er viktig for å lukkast i den omstillinga som må kome.
- Arbeid er rota til alt godt, fastslo han.
Fram mot 2050 meinte han at ein måtte fokusere på vekst- og berekraftig næringsliv som skapar dei jobbane som trengst for å finansiere velferdssamfunnet.
- Vi treng også eit samfunn med globalt konkurransedyktig grøn verdiskaping og eit velferdssamfunn med små skilnader, høg tillit, lite utanforskap og mulegheiter for alle.
Arbeid er rota til alt godt

Publisert: 15.08.2018 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25