Trekte oss daa kanadakontrakten vart kansellert
KLEVEN-NEI: Åge Remøy var saman med fleire andre aksjonærar interesserte i å ta over Kleven Verft, men gruppa trekte seg då ei kanadisk offshorekontrakt vart kansellert rett før siste helg.
Nytt

- Trekte oss då kanadakontrakten vart kansellert

Åge Remøy og dei andre lokale aktørane trekte seg då Kleven fekk kontrakten på eit offshoreskip kansellert. 

14.07.2020
- Då fall våre planar i grus, seier Herøy-reiar Åge Remøy.
PSV-en ligg no til kai ved Kleven for utrustning og skulle etter siste oppdaterte plan vere leveringsklart til hausten. No har dei kanadiske eigarane bak Atlantic Towing
Skipet vart bestilt i 2014 av Fafnir Offshore, og skulle byggjast ved Havyard Leirvik. Men avtalen vart utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten på skipet, og kontrakten overtatt av Kleven.

Hareid Elektriske

Remøy vil ikkje opplyse kven som var med han i diskusjonane om å overta Kleven Verft, men etter det NETT NO kjenner til var det blant anna Hareid Elektriske, som har hatt eit tett og langvarig samarbeid med Kleven.
I ein epost til NETT NO skriv Hareid Group-direktør og tidlegare Kleven-sjef Karsten Sævik at det er 'kjekt for oss å sjå at det vart ei løysing som inneber at verftets tilsette skal ivaretakast og kjernekompetansen skal vidareførast.'

Myklebust Verft

I tillegg var Åge Remøy-partner Magnus Roth inne. Dei to står bak Inyard Invest, og kjøpte seg inn i Kleven under redningsaksjonen før Hurtigruten overtok, men enda opp med å sitje med 19.07 prosent av aksjane i utskilde Myklebust Verft i Sande.
- Ved Myklebust går det bra, seier Remøy.
Ved Myklebust er Asker-investoren Per-Christian Kroepelien Lillebø styreleiar, etter at også han kjøpte seg inn i Kleven saman med Åge Remøy og svensk/sveitsiske Magnus Roth. Truleg har Kroepelien Lillebø også vore aktiv inne for å finne ei løysing for Kleven.

- Lukke til!

Åge Remøy og Rem Offshore har bygd ei lang rekkje offshoreskip ved Kleven, og Remøy seier at han håper at også nybyggingsaktiviteten kan halde fram.
Han ønskjer dei nye eigarane bak Green Yard lukke til.
- Eg håper inderleg at dei raskt kan kome opp med arbeid som sikrar flest muleg av arbeidsplassane.

- God løysing på sikt

Også tidlegare finansdirektør Ola-Beinness Fosse ønskjer dei nye eigarane lukke til. Beinness-Fosse har siste dagane bistått buet, men han kjem ikkje tilbake til verftet, slik tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad no har gjort.
- Nei, min jobb er gjort, seier Beinness-Fosse.
Han trur at løysinga vert god på sikt.
- Det viktigaste var å sikre at Kleven Verft vart vidareført. Eg er glad for at ein lukkast.
Eg håper inderleg at dei raskt kan kome opp med arbeid som sikrar flest muleg av arbeidsplassane

Publisert: 14.07.2020 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59