Trekker seg fraa Axxis styret etter elleve veker
AXXIS: Tore A. Tønseth (t.v.) trekker seg frå styret i Axxis Geo Solutions. Her er den tidlegare sjømatanalytikaren saman med salssjef Richard Gjerde i Marin Teknikk.
Nytt

Trekker seg frå Axxis-styret etter elleve veker

Tore A. Tønseth skulle vere Roger Halsebakk sin mann i Axxis-styret. Etter elleve veker trekker Tønseth seg som styremedlem i seismikkselskapet.

13.02.2020
Ålesundaren Tønseth har i 15 år arbeidd som analytikar for Sparebank1 Markets og Pareto Securities, med spesiell fokus på sektorar som sjømat, teknologi og industri.
Sist haust vart han tilsett som investeringsdirektør i Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital.

Tung investering

1. desember gjekk Tønseth også inn i styret i nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions, eit selskap som Halsebakk hadde investert tungt i.
Men alt etter elleve veker trekker Tønseth seg som styremedlem i Axxis. Ifølgje ei børsmelding frå selskapet vil han ikke bli erstatta.
Dermed er Tønseth det andre styremedlemet som trekker seg i løpet av få veker. Andreas Pay gjekk inn i styret saman med Tønseth som representant for Urbanium-gruppen, men Tønseth trekte seg alt etter seks veker.
Dei to erstatta dei to tidlegare styremedlemane Jogeir Romestrand og Fredrik Platou.

Selde seg ut

Romestrand var også av hovudaksjonærane i det sunnmørsdominerte selskapet, men selde seg heilt ut rett før jul i fjor.
Rett før hadde hovudaksjonæren Arne Blystad også seld seg heilt ut.

Børstapar

Axxis var av dei store børstaparen i 2019 etter at selskapet gjekk på børs 3. juli.
På det høgste vart aksjen omsett til 35 kroner, men vert no handla til godt under ei krone.
Selskapet har hatt store økonomiske problem, og 11. oktober gjennomførde selskapet ein retta emisjon på 225 millionar kroner til ein aksjekurs på seks kroner aksjen, noko som var under ein tredjedel av kursen gjekk på børs.
Etter emisjonen vart Havila Holding største aksjonær.

Suez-oppdrag

Selskapet er no i gang med eit større 3D nodeseismikkoppdrag ved Suez på egyptisk side.
Selskapet har tidlegare opplyst at arbeidet vil pågå mesteparten av første kvartal i år.
Axxis har hatt fire innleigde skip i sving.
To av skipa, Havila Aurora og Havila Fortune, er eigd av Havila Shipping i Herøy, medan Gjerdsvik-selskapet Sanco har leigd ut skipet Sanco Sword. I tillegg er skipet Pacific Finder innleigd.

Publisert: 13.02.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52