Tredje cruisedesignkontrakt til Ulstein
NUMMER TRE: Sunstone Ships har sikra seg retten til å få bygd 10 ekspedsisjonscruiseskip med Ulstein-design. Så langt er det inngått kontrakt for tre.
Nytt

Tredje cruisedesignkontrakt til Ulstein

Sunstone Ships har bestilt sitt tredje ekspedisjonscruiseskip med Ulstein-design.

07.11.2018
Det er berre ein månad sidan Sunstone Ships erklærte opsjonen på å bygge skip nummer to teikna av Ulstein Group. Sunstone Ships får skipa bygd i utlandet, men Ulstein Group leverer design og utstyr.

No kjem kontrakt nummer tre.

Milliardkontrakt

I mai i fjor skreiv Ulstein Design & Solutions og China Merchant Group ein avtale om å levere design- og utstyrpakkar til eit 104 meter langt cruiseskip til Sunston Ships med plass til 255 gjestar og utrusta for å kunne gå polare farvatn.
Sunstone Ships har oppsjon på design og utstyr på i alt 10 skip, og med full klaff er det snakk om eit milliardoppdrag for Ulstein Group.

Ventar fullt hus

- Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions i ei pressemelding.
SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021, i følgje pressemeldinga.
SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021.
Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien

Publisert: 07.11.2018 08:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27