Tre vegar inn i framtida for reiselivet
LOEN: Sogn og Fjordane har raskast vekst i reiselivet på vestlandet. Her frå Loen Skylift.
Nytt

Tre vegar inn i framtida for reiselivet

Reiselivet på Vestlandet omset for 39 milliardar.  Sogn og Fjordane veks fortast, medan Møre og Romsdal står for berre 12 prosent. No må næringa ta viktige vegval.

15.05.2019
NPK-Bjørn Ivar Voll: Ein rapport foreslår tre moglege framtider for reiselivsnæringa på Vestlandet. Kva veg næringa vel, vil påverka reiselivet i regionen i åra som kjem.
– I dag er reiselivet veldig ujamt fordelt, både mellom destinasjonar og spesielt mellom sesongar. Viss ein skal ha ei lønsam og produktiv reiselivsnæring, er det behov for attraktive heilårsarbeidsplassar. Spesielt er det viktig for dei mindre destinasjonane der folkegrunnlaget er tynt og der alternative næringsvegar er avgrensa, seier Erik W. Jakobsen i Menon Economics.
Konsulentselskapet har laga grunnlaget for framtidsplanane i prosjektet «Scenario 2030». Landsdelsselskapet Fjord Norge og fylkeskommunane på Vestlandet, i tillegg til representantar frå reiselivet, er med i prosjektet. Det sentrale målet er å spreia trafikken og utvikla eit reiseliv heile året.
– Utan koordinering og ei langsiktig styring av reiselivsnæringa på Vestlandet, vil berekraftutfordringane berre forsterka seg. Det vil gi ekstrem opphoping av turistar på nokre stader i sommarsesongen, medan resten av året, og på resten av Vestlandet, er det lite reiseliv og svake, ulønsame og uproduktive bedrifter, seier Jakobsen.

Tre vegar inn i framtida

Tysdag presenterte han tre framtidssyn for reiselivet på Vestlandet. Målet er at heile næringa skal bli samde om visjonen. Ei endeleg avgjerd blir tatt i september, men Jakobsen forventar seg sterke signal frå næringa alt no.
Analysen frå Menon Economics viser at Vestlandet førebels ikkje har lukkast med å få fleire turistar hit i vintermånadane. Over 60 prosent av gjestene kjem mellom mai og oktober. Dei som kjem vinterstid, vel by framfor bygd, viser tala for hotellovernattingar i 2017.
Fjord Norge arbeider for å få fleire til å velja Noreg utanom om sommarmånadane også. Samstundes går debatten om i kor stor grad ein skal promotera Noreg i land i Asia på grunn av lange flyreiser og klimaavtrykk.
Fjord Norge har tidlegare sagt at omdømet til regionen er utsett på grunn av stor trafikk om sommaren, og selskapet har opna for restriksjonar på besøk på spesielt utsette stader. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa til Dagens Næringsliv denne veka at ein må tenkja nytt om korleis ein profilerer Noreg som reisemål og korleis ein brukar statlege pengar.

Vekst for nokre få

Det første scenarioet legg opp til ei framtid der det er byane som vinn gjestene, medan distrikta tapar. Toppattraksjonane Trolltunga og Preikestolen har i dette scenarioet blitt vinteropplevingar, og Bryggen i Bergen har den største veksten. Dette vegvalet vil gi ei blomstrande reiselivsnæring i dei store byane og ved utvalde distriktsdestinasjonar.
Dette valet set derimot få grenser for besøk og talet på turistar, og konfliktar mellom reiselivsnæring, lokalbefolkning og friluftsinteresser kan oppstå. Reiselivet er dessutan meir konsentrert. Det er distrikta som tapar.
– Det første alternativet skildrar ei marknadsdriven utvikling med store bedrifter som former eigne strategiar. Det er mange som meiner det er fornuftig. Så veit me at fleire legg vekt på berekraft og besøksforvaltning, som skal skje på premissane til lokalsamfunnet. Me er ganske sikre på at det er mange som også vil velja scenario 2, seier Jakobsen.

Bygda vinn

Det andre scenarioet legg opp til at reiselivet skal vera tufta på opplevingar på bygda. Lokale festivalar, konsertar og anna kulturformidling skal vera hovudprodukta for Vestlandet, både for tilreisande og lokale. I denne visjonen er det ein «gryende helårsturisme på hele Vestlandet med høy aktivitet i mange lokalsamfunn der næringsaktivitet kombineres med frivillighet».
Dette scenarioet tar størst omsyn til at reiselivet skal vera berekraftig, og det blir lagt opp til låg vekst i besøkstalet. Miljøperspektivet og omsynet til lokalsamfunna er sentrale i denne visjonen, og distrikta blomstrar – det offentlege satsar på reiseliv som næring.
Derimot er det svak økonomisk vekst, og dei mange små bedriftene er avhengige av offentlege løyvingar for å utvikla seg. Mange reguleringar og avgrensingar gjer også at det er lita interesse frå profesjonelle investorar og frå internasjonale reiselivskonsern.

Alle får

Det siste scenarioet skildrar ei framtid der natur og kultur er viktige produkt. Reiselivet tiltrekker seg pengesterke turistar som er opptekne av miljø og som blir ei stund. Scenarioet er kjenneteikna av større bedrifter drar lasset i ei næring der lokalt eigarskap er viktig.
I denne framtidsvisjonen er det lagt opp til fleire pilotprosjekt for fellesgodefinansiering, og forsking og utvikling skal gi næringa konkurransefortrinn. Reiselivet er dessutan ei prioritert næring nasjonalt – Vestlandet går framfor i utvikling av nye arbeidsplassar i byane og på bygdene.
– Dels ligg det næringsstrategiske val her, men det ligg også verdival for lokale og regionale samfunn. Om ein vel scenario 2, vel ein vekk ei vekstkraftig og lønsam næring. Då er det inga vits å bruka 230 millionar i året på å profilera Noreg i andre land. Dei to andre scenarioa legg til rette for vekst, men i scenario 3, «Kollektiv suksess», blir det lagt vekt på berekraft og besøksforvaltning. Og at veksten skal vera koordinert, heilskapleg og føra til minst belastning for resten av samfunnet, forklarer Jakobsen, som ikkje vil seia kva for veg han meiner er best.

Publisert: 15.05.2019 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35