Tommel opp for Arctic Nutrition
TRE ÅR FRAM: Arctic Nutrition medisinprodukt i marknaden i 2021/2022. Til høgre medgründer Hogne Hallaråkar, til venstre administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Nytt

Tommel opp for Arctic Nutrition

Dei første testane av silderognprodukt som legemiddel mot psoriasis er lovande for Arctic Nutrition.

19.11.2019
- Det virkar svært lovande og spennande, seier Kåre Steinar Tveit, seksjonsoverlege ved Hudavdelingen Haukeland Universitetssykehus i Bergen, etter å ha testa effekten av Arctic Nutrition sitt sildeprodukt på psoriasis-pasientar.
Dei første resultata frå testen er offentleggjort på ein pressekonferanse i Bergen i dag.

Klare utslag

57 pasientar har gjennomført testen, 28 fekk silderognprodukt og 29 fekk eit middel utan silderogn. Ingen av testpersonane visste kven som fekk kva.
Dei som fekk silderognprodukt hadde ein gjennomsnittleg reduksjon i psoriasissymptom på 32 prosent. Dei som ikkje silderognprodukt - placebogruppa - hadde ein reduksjon på åtte prosent, i følgje pressemeldinga.
Det er ein skilnad som er statistisk signifikant, altså viser at silderognproduktet har ein effekt.

Siktar mot legemiddel-godkjenning

Målet for Arctic Nutrition er å få silderognproduktet godkjent som legemiddel.
Håper er å ha godkjenning klar i 2021/2022 og selskapet vurderer å etablere produksjon på Nordvestlandet.

Før selskapet kjem dit må studien i Bergen fullførast. Den skal vere klar til sommaren. Deretter må studien gjerast på nytt, i større skala.

Det virkar svært lovande og spennande

Publisert: 19.11.2019 19:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28