Tom Erik og kollegaene tek fagbrev paa jobben
BLIR FAGARBEIDAR: Tom-Erik Vegsund er mellom 11 tilsette på Polyform som meldte seg då bedrifta tok opp ordninga med fagbrev i jobb. 
Nytt

Tom-Erik og kollegaene tek fagbrev på jobben

– Ei fantastisk moglegheit, seier Polyform-sjefen om ordninga som han meiner sikrar lojale og fornøgde tilsette.

Marius Rosbach
24.08.2019

Frå i fjor vart det innført nye ordningar med fagopplæring medan ein er i jobb. På Polyform-fabrikken er tilbodet teke godt i mot og heile 11 tilsette meldte seg då bedrifta tok opp saka i fjor.

– Det er ei fantastisk moglegheit at dei tilsette kan ta fagutdanning på denne måten. Det kostar oss sjølvsagt pengar, men det gir oss lojale og fornøgde tilsette, seier Polyform-direktør Vidar Aasestrand til NETT NO.

Kursa ved bedrifta skjer i samarbeid med Norsk Industri. Ordninga er for praksiskandidatar og lærlingar som vil ta fagbrev, eller for tilsette som vil ta fagbrev på nærliggande område. NHO-foreininga meldte tidlegare i sommar om auka oppslutning om tilbodet.

– Meir djupne i arbeidet
Tom-Erik Vegsund – som også er hovudtillitsvalt i bedrifta - er mellom dei som tek fagbrevet i termoplastfaget.

– Bakgrunnen er at vi ønskjer meir fagleg kompetanse og litt meir ansvar for det vi jobbar med. Å få vite meir om kva vi gjer, og ikkje berre arve kunnskap frå tidlegare kollegaer som kanskje har teke fagbrev for lenge sidan. Det kjenst godt å ha meir djupne i arbeidet, fortel Vegsund.

nettnohalf

Han legg ikkje skjul på at det innimellom kan vere krevjande. Det er meininga å ta fagbrevet på eitt år, men allereie etter eit halv år er dei no tre tilsette som har bestått den teoretiske delen.

– For min del har eg ønskja å få gjort mest mogleg på kortast mogleg tid. Saman med familieliv og arbeid som har tre skift, kan det vere krevjande, men med faste rutinar med mykje lesing i helgane, så går det bra, fortel han.

I utgangspunktet er det mykje opp til dei sjølve korleis dei legg opp studiearbeidet og kva for progresjon dei har.

– Bedrifta har bidrege med informasjon og praktisk behov, som teikningar og så vidare. Det kunne nok ha vore sett ned ei studiegruppe, men her har vi køyrt mykje vårt eige løp – sjølv om vi også støtter oss til kvarandre. Om vi er låst på eit spørsmål, kan vi til dømes spørje kollegaer, seier Vegsund.

Les også: Peker ut 24 «framtidsnæringer» for verdiskaping - se hvilke

Eksportbedriftene i fylket gir jobb til 46.000 personar

Tenar betre
I tillegg til at Polyform-sjefen får meir fornøgde tilsette, får også dei tilsette meir pengar på lønnsslippen.

– Dei tenar 25 kroner meir timen, og sjølv om det ikkje er det viktigaste, så er det ein del pengar. Vi legg også vekt på å ha gode pensjons- og forsikringsordningar, og har mange tilsette med lang fartstid, påpeiker han.

Mellom dei 70 tilsette på Polyform er heile 45 av dei operatørar i ein avansert automatisert produksjon. Dei kjem frå ti ulike nasjonar og typisk for slike produksjonsbedrifter, har ein del lågt utdanningsnivå.

Fleire treng fagutdanning
Haram-ordførar Vebjørn Krogseter fekk høyre om Polyform sine erfaringar då han og andre politikarar var med NHO Møre og Romsdal på bedriftsbesøk.

nettnohalf

Krogseter påpeiker at mange bedrifter i hans lokalmiljø, er i same situasjon.

– Vi har hatt ei tilflytting av arbeidskraft frå andre land, som har fått ei utfordring med å få arbeid som følgje av nedgangstidene. Vi må vere obs på at vi har ein del vaksne arbeidstakarar i 40-åra, som kan trenge meir kompetanse, seier han.

Haram er ei kommune som er kjend for at skole og næringsliv jobbar godt saman, og Krogseter meinte det er ein del av løysinga.

– Vi kan ikkje berre drive kompetanseheving i dei offentlege systema. Vi må også gjere det ute i bedriftene, påpeiker han.

Les også: Polyform mot nytt rekordår

– EØS-avtalen betyr å vere, eller ikkje vere


Det kostar oss sjølvsagt pengar, men det gir oss lojale og fornøgde tilsette

Publisert: 24.08.2019 05:56

Sist oppdatert: 28.11.2023 21:21