Tok Polarstar tilbake
SELFANGST: Bilde frå då Polarstar dreiv selfangst. No er skuta tilbake på Sunnmøre etter at utleigeavtalen med eit firma i Tormsø er avbroten.
Nytt

Tok Polarstar tilbake

Ishavsskuta Polarstar er henta tilbake til Sunnmøre etter manglande betaling.

16.09.2020

Den gamle polarskuta var utleigd på ein treårskontrakt frå mai i fjor til turisttrafikk til eit selskap i Tromsø, men manglande betaling gjorde at skuta no er henta tilbake.

Ho ligg no i Brandal/Hareid, skriv Willy Nesset i ei pressemelding.

Willy Nesset frå Hareid er direktør og medeigar i det polske verftet Marine Constructions Sp i Szczecin, der Polarstar blei restaurert.

Den Glasgow-bygde stålskuta dreiv i alle år frå 1949 til 1982 selfangst på Newfoundland. Skuta har også vore sysselmannskute på Svalbard, i tillegg til at ho har vore fraktefartøy, fiskefartøy og ekspedisjonsfartøy.

I fjor løyvde Riksantikvaren til saman tre millionar kroner til restaureringsarbeidet.

- Det er godt å ha fått «Polarstar» heimatt og under kontroll, og vi ønskjer no å sjå framover.

- Vi opplever stor interesse frå fleire, og vi trur det er mange spanande moglegheiter for ei slik flott skute som er ein viktig og godt ivareteken del av Noreg si ishavs- og polarhistorie, skriv Nesset i pressemeldinga.

Publisert: 16.09.2020 15:00

Sist oppdatert: 19.01.2022 08:19

Mer om