To tre aar med avstand og flittig handvask
KORONAVASK: Å vaske hender er det viktigaste einskildtiltaket ein kan gjere mot smitte. 
Nytt

To-tre år med avstand og flittig handvask

Det trur FHI, som fryktar at vi no får ei ny smittebølgje.

30.07.2020
NPK-NTB: Ei ny undersøking viser at fleire tek lettare på smittevernreglar samtidig som mange ventar ein ny smittetopp til hausten. FHI seier reglane må brukast lenge.
Ei undersøking Opinion har utført for Røde Kors, viser at éin av fire nordmenn tek lettare på enkle smitteverntiltak som handvask og fysisk avstand. Samtidig svarar nesten fire av fem i den same undersøkinga at dei ventar ein ny smittetopp til hausten.

Mood er uroleg

President Robert Mood i Røde Kors seier han er uroa over tala.
– Godt smittevern er like viktig no som for tre månader sidan. Å kjempe mot koronapandemien er ein felles dugnad der alle må bidra for at vi skal lykkast, seier Mood.
Han får støtte av overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet, som seier til NRK at det kan ta opptil tre år før heile folket kan vaksinerast mot koronaviruset.
– Så vi kan berre venje oss til å halde oss heime når vi er sjuke, vaske hendene og halde avstand til folk, for det må vi halde på med i to–tre år, seier Aavitsland.

- Må førebu seg på ny smitte

Han seier FHI har gitt råd og rettleiing til kommunane i landet om kva beredskap dei skal ha for å handtere utbrot utover hausten.
– No er det på tide at dei førebur seg på hausten med mogleg ny smitte som skal oppdagast og stoppast.
I undersøkinga svarar òg ni av ti spurde at dei støttar ein ny stenging dersom viruset på ny skulle spreie seg i større omfang.
No er det på tide at dei førebur seg på hausten med mogleg ny smitte som skal oppdagast og stoppast

Publisert: 30.07.2020 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00