To nordmenn i leiargruppa
ROLLS-ROYCE: Store omorganiseringar i Rolls-Royce Marine der leiarkartet er teikna på nytt.
Nytt

To nordmenn i leiargruppa

Ein finne er på topp, men det er også to sunnmøringar i den nye leiargruppa til Rolls-Royce Marine.

02.12.2016
Rolls-Royce ønskjer å få på plass ein meir straumlineforma organisasjon etter omfattande tap i den maritime delen av konsernet, der flesteparten av dei 2.800 arbeidsplassane i Norge inngår.
Torsdag vart det kjent at Helge Gjerde sluttar som direktør for Offshore & Merchant Solutions i marinedevisjonen. Denne direktørstillinga forsvinn også heilt ut i det nye organisasjonskartet.

Les her:


Verdikjeder

Toppsjef som før for Rolls-Royce Marine er finnen Mikael Makinen. Makinen har base saman med resten av Rolls-Royce-toppleiinga i London.
Under Makinen er det seks direktørar, der fire har ansvaret for kvar si verdikjede, som er den nye definisjonen i Rolls-Royce-systemet.
Mellom dei fire finn ein Knut Hovland, busett i Ålesund, som vert direktør for Customer & Services, i praksis sal- og ettermarknad.
Asbjørn Skaro frå Brattvåg vert direktør for Digital & Systems.

Kuttar 800 tilsette

Dei to andre direktørane med operasjonelt ansvar er Gary Nutter, direktør for nysatsinga Products og Don Roussinos, direktør for Naval. I tillegg kjem Kevin Daffey, direktør for Engineering & Technology og Alistar Mackenzie, direktør for Operations & Transformations.
Totalt arbeider det rundt 4.800 tilsette i Rolls-Royce Marine, fordelt på 34 land. Målet no er å redusere talet på tilsette med rundt 800 med virkning frå midten av 2017.

Røsvik overtek Ship Design & Systems

Bakgrunnen er svikten i olje- og offshoremarknaden, der Rolls-Royce ikkje ser teikn til snarleg betring. I tillegg er det svikt i nye utstyrsordrar samt reduksjon i serviceoppdrag, og Rolls-Royce forventar at innteninga vert ytterlegare svekka i 2017.
På den positive sida kjem at konsernet har varsla auka satsing i Ulsteinvik, med nye investeringar i teknologiutvikling og servicekapasitet.

Les meldinga frå Rolls-Royce .


Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk opplyser at alle direktørane allereie har leiarfunksjonar i selskapet i dag.
- Det er snakk om omplasseringar innanfor ein forenkla struktur.
Ho opplyser at i tillegg til endringane i toppen for Rolls-Royce Marine, har Knut Eilert Røsvik frå Ellingsøya fått jobben som ny leiar for Ship Design & Systems og skal rapportere til Asbjørn Skaro, medan Jan Petter Hagen, Tennfjord, held fram som leiar for endringsprosjekta.

- Heilt nødvendig

Bonnevie Wollebæk seier at det er store og krevjande omstillingar som no skjer, men samtidig heilt nødvendige.
- No skal vi jobbe vidare med å gjennomføre dei på ein ryddig måte og samtidig så fort som muleg, slik at usikkerheita ikkje blir meir langvarig enn ho treng å vere for våre tilsette.
Det er snakk om omplasseringar innanfor ein forenkla struktur

Publisert: 02.12.2016 10:05

Sist oppdatert: 01.03.2021 09:00