To minus og ein pluss
Nytt

To minus og ein pluss

Nykomaren Midsundingen er den mest lønsame i Haramsnytt-konsernet.

13.07.2020
Haramsnytt as eig avisene Nordre og Midsundingen, og 60,58 prosent av aksjane i Sulaposten.
Medan driftsinntektene til Haramsnytt og Sulaposten var omlag uendra frå 2018 til 2019 var det oppsving i Midsundingen. Midsundingen vart etablert i 2017, og hadde ein vekst i driftsinntektene frå 1,4 til 2,1 millionar kroner i 2019. Veksten sikra at Midsundingen gjekk frå minus til pluss-resultat. Dei to andre avisene hadde mindre underskot (sjå tabell, på mobil finn du tabellen nederst på sida).
Midsundingen er ei nettavis, med papirutgåve ein gong i månaden i tillegg.

Gjekk av

Robin Røkke gjekk av som redaktør i Haramsnytt i fjor, etter usemje om korleis avisa skulle drive framover, men er framleis medeigar i Haramsnytt as, i følgje årsmeldinga til selskapet.
De to andre eigarane er Åshild Fjørtoft og Møre Forlag. Ole Michael Ellefsen er hovudeigar i Møre Forlag.

Publisert: 13.07.2020 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59