To million i opsjonsgevinst
OPPTUR: Hexagon Composites delte i 2016 ut  opsjonar til blant andre administrerande direktør Jon Erik Engeset og finansdirektør David Bandele (i midten i bakgrunnen). Dei fekk rett til å kjøpe aksjar til kurs 20 kroner. I går var aksjekursen 33,50 kroner.
Nytt

To million i opsjonsgevinst

Våren 2016 fekk Hexagonsjef Jon Erik Engeset rett til å kjøpe aksjar i selskapet i år, til kurs 20 kroner. Det gir ein gevinst på to millionar kroner. 

22.03.2019
I går var aksjekursen i Hexagon Composites 33,50 kroner. Det er det høgaste nivået sidan august 2014.
Engeset fekk rett til å kjøpe aksjar (ein opsjon) som ein del av oppmuntringsprogrammet for ei rekkje leiande personar i Hexagon Composites. Kjøpekursen var 20 kroner, men Engeset og kollegaene kunne tidlegast utøve opsjonen etter at resultatet for 2018 var lagt fram.

I alt opsjonar til å kjøpe i alt 925.000 aksjar ble delt ut, 150.000 av dei til Engeset. I alt 11 personar var med på programmet.

Får gevinsten

Aksjane til opsjonseigarane var i selskapet sitt eige. I staden for at at Engeset betalar 20 kroner pr. aksje har Hexagon Compositets forenkla transaksjonen slik at han berre får aksjar som tilsvarar gevinsten på verdistigninga på aksjen, før skatt. For Engeset betyr det 60.448 nye aksjar, som i dag er verdt like over to millionar kroner.

Engeset eig no 201.315 aksjar i selskapet og har 370.000 opsjonar til å kjøpe aksjar i Hexagon Composites. Opsjonane er frå oppmuntringsprogram i Hexagon frå 2017 og 2018.
Alle som fekk opsjonar våren 2016 har nytta retten til å gjere dei om til aksjar. Dei kunne eventuelt ha venta til etter at resultatet for først eller andre kvartal 2019 blei lagt fram.

Publisert: 22.03.2019 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32