Tjukkaste ordrebok paa fleire aar
VEKST: Salet i 2019 auka med over 40 prosent, og per i dag kan dagleg leiar og medeigar Idar Martin Refsnes i Saga Boats fortelje om den tjukkaste ordreboka på fleire år.
Nytt

Tjukkaste ordrebok på fleire år

- Den som skal ha ny Saga-båt til våren må vere rask i snuen, seier Saga Boats-sjef Idar Martin Refsnes.

19.11.2020
Lystbåtprodusenten Saga Boats i Selje hadde i 2019 den høgaste driftsinntekta på 11 år, og ordrereserven per i dag er høgare enn den har vore på mange år fortel Idar Martin Refsnes.
Han er medeigar og dagleg leiar i Saga Boats, eit selskap med 30 tilsette, med hovudkontor og produksjonsanlegg i Selje og sal både i Noreg og utlandet. Selskapet eig og driv eigen forhandlar i Oslo, som også er den største forhandlaren av båtane som selskapet byggjer.

Bruktbåtar gjekk unna

Båtane til Saga Boats kostar mellom 2,5 og 4,5 millionar kroner. Det er ein prisklasse som gjer at etterspørselen etter båtane ikkje svingar like kraftig som for rimlegare båtar, ifølgje Refsnes.
Det blei ingen veldig og brå etterspørselsvekst etter at koronaepidemien kom, slik deler av båtbransjen og fleire andre bransjar opplevde i vår og i sommar.

Men Saga Boats tek også i mot og formidlar sal av brukte båtar, ei samband med nysal, og i bruktmarknaden har etterspørselen vore så god at det tidvis har vore heilt tomt for nye bruktbåtar, fortel han.

Finanskrise-smell

Det familieeigde båtbyggeriet i Selje har vore i drift sidan 1960.
Den førre inntektstoppen var i 2007, med 94 millionar kroner.
Finanskrisa råka blant andre Saga Boats hardt, og i 2009 var driftsinntektene redusert til 43 millionar kroner. Botnen kom i 2013, med 25 millionar kroner i driftsinntekter. Etterpå har det svinga mellom 48 og 42 millionar kroner i driftsinntekter, før veksten i 2019.
Hovedaksjonær er Idar Martin Refsnes og familien med 57,14 prosent av aksjane, medan Bjørge Dragseth har 21,4 prosent, det same som Unni og Erlend Drageseth.

Publisert: 19.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 07.10.2021 09:14