Tilsette med grunnfondsbevis for millionar
DELER UT: Tilsette i Sparebanken Møre får tildelt grunnfondsbevis for 7,8 millionar kroner i dag.
Nytt

Tilsette med grunnfondsbevis for millionar

Sjefar og tillitsvalde i Sparebanken Møre har grunnfondsbevis for 12,9 millionar kroner.

02.12.2019
19 leiarar og tilsette-tillitsvalde er tildelt grunnfondsbevis i banken, skriv Sparebanken Møre i ei børsmelding. Dei 19 er alle definert som innsidarar i banken.

Tildelinga er ein del av konsernet generelle avlønningsordning for alle tilsette, i følgje meldinga.,
Etter den siste tildelinga har dei 19 no grunnfondsbevis for tilsaman 12,9 millionar kroner, etter dagens kurs - 316 kroner pr. grunnfondsbevis.
I slutten av artikkelen kan du lese kor mange grunnfondsbevis kvar einskild på innsider-lista får tildelt. I parantes står kor mange grunnfondsbevis kvar einskild eig etter tildelinga.

Alle får

Det er berre namna på dei som er definert som innsidarar i banken som blir offentleggjort.
Til saman deler banken ut 24.581 grunnfondsbevis til tilsette i denne omgang. 1551 av desse går til dei som er i innsideposisjon.
Til saman er verdien av grunnfondsbevisa som blir delt ut i dag 7,8 millionar kroner.

Opp 18 prosent

Å eige grunnfondsbevis i Sparebanken Møre har vore god butikk dei siste åra.
Hittil i år har verdien på grunnfondsbevis i Sparebanken Møre auka med 17,6 prosent.
Fra slutten av januar 2016 har kursen stige i rykk og napp, frå 172 kroner pr. grunnfondsbevis. Den førebelse toppen vart nådd i mai i år, med kurs 328 kroner.

Her er innsidarane med grunnfondsbevis i Sparebanken Møre som er omfatta av tildelinga:


Erik Røkke, Leder seksjon Risikostyring og Compliance, 90 (6.339)Terje Krøvel, Leder divisjon Næringslivsmarked, 95 (5.198)Idar Vattøy, Leder seksjon Økonomi, Regnskap og Eiendomsforvaltning, 89 (4.864)Perdy Lunde, Leder seksjon Forretningsstøtte, 85 (4.411)Runar Sandanger, Leder seksjon Treasury & Markets, 94 (4.189)
Tone Skotheim Gjerdsbakk, Kommunikasjonssjef, 79 (3.096)Jørgen Ove Havnsund, Ansattes vara i styret 72 (2.578)Kjetil Hauge, Leder seksjon Organisasjonsutvikling, 86 (2.156)Helge Knudsen, Ansattevalgt styremedlem, 71 (1.344)Mariann Barstad, Leder avd. Regnskap, 79 (1.248)
Ove T. Ness, Leder avd. Treasury, 84 (896)Elisabeth Blomvik, Leder divisjon Personmarked, 93 (808)Sigrun Rekkedal Åmbakk, Ansattes vara i styret, 71 (771)Arild Sulebakk, Leder seksjon Kundeopplevelse, 86 (691)Sandra M. Helseth, Leder avd. Økonomi, 79 (606)
Olav Andreas Erdal Heggheim, Complianceansvarlig 76 (570)Norun Sønderland Nustad, Ansatt, nærstående til vara i styret 78 (482)Marie Rekdal Hide, Ansattevalgt styremedlem, 73 (341)Karen S. Synnes, Fagsjef Administrasjon, 71 (199)

Publisert: 02.12.2019 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46